Japansk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Japansk språk)
Japansk
日本語 nihongo uttale
Klassifisering Japansk-ryukyu-språk
Talarar japanarar
Bruk
Tala i Japan
Område Aust-Asia
Japansktalande i alt 130 millionar
Rangering 8.
Skriftsystem japansk skrift (hiragana, katakana, kanji); siddham
Offisiell status
Offisielt språk i Japan
Språkkodar
ISO 639-1 ja
ISO 639-2 jpn
ISO 639-3 jpn
Wikipedia på japansk

Japansk er eit språk som hovudsakleg blir snakka i Japan. Det utgjer den eine greina av ein språkfamilie som også omfattar ryukyu-språka som blir snakka på Ryukyu-øyane. Det er mange teoriar om slektskap mellom japanske og andre språk, mellom anna med koreansk og altaiske språk, men det er ikkje haldbare argument for nokon av desse slektskapsteoriane. Japansk blir snakka av 130 millionar menneske.

Skriftspråk[endre | endre wikiteksten]

Japansk skrift på ei side frå det klassiske verket Tsurezuregusa.

Japansk skrift er sett saman av tre ulike skriftsystem: Hiragana, katakana og kanji. Dei to første er stavingsalfabet som minnar om kvarandre. Begge har 46 symbol (71 symbol avhengig av korleis dei blir analysert). Hiragana og katakana blir brukt til ulike formål.

Hiragana blir brukt til å skrive grammatiske partiklar, og katakana blir brukt til å skrive utanlandske lånord som det ikkje finst kanji-merke for.

Hiragana er den generelle stavingsalfabetet som blir brukt til å skrive grammatiske partiklar og japanske ord det ikkje finst kanji-symbol for. Eventyr for barn blir ofte skrive med hiragana. Katakana blir brukt til å skrive utanlandske lånord, og til å transkrivbere utanlandske namn til japansk. Katakana blir også brukt til å skrive ord som står for dyrelydar og lydar i naturen, og til namn på plantar og dyr. Reklame er ofte skrive på katakana.

Begge stavingsalfabeta har dei same 46 stavingssymbola, men med katakana er det mogleg å kombinere symbola på fleire måtar, og dermed få fram fleire lydkombinasjonar.

Kanji-symbola er kinesiske skriftteikn, som uttrykkjer meining, og ikkje lyd. Desse merka er det tusenvis av. Det japanske utdanningsdepartementet har definert eit sett på 1945 teikn som uunnværlege for å kunne skriftspråket godt nok til dagleg bruk. Kanji-teikna kan alltid bli skrive med hiragana, men dette tar mykje meir plass og tid, og på grunn av den store mengda av homonym i japansk, og det faktum at japansk blir skrive utan typografisk mellomrom mellom orda, er det vanskelegare å lese tekst skrive med berre hiragana. I visse publikasjonar blir det over kanji-merka skrive inn uttalerettleiing med små hiragana-symbol (såkalla furigana), særleg viss kanji-teiknet er uvanleg.

Det er også vanleg å bruke ein viss grad av latinske bokstavar i japansk tekst, særleg for forkortingar, slike som firmaforkortingar, t.d. «HDI ビル» (eichi-dii-ai biru). Desse forkortingane blir uttalt med utgangspunkt i engelsk, men tilpassa japansk fonologi.

Kanji har eigne teikn for tala (一二三四五, er 12345), men dei er ikkje i dagleg bruk. I vanleg tekst står arabiske tal, men visse talord blir skrive som ord (t.d. 10 000 man, 万).

Tradisjonell japansk skrivemåte er ovanfrå og ned og høgre til venster, men det er ein aukande tendens til å skrive på vestleg vis frå venstre mot høgre. Romanar og dikt blir framleis skrive på tradisjonelt vis, og sett frå eit vestleg synspunkt blir bøker og teikneserier lese «baklengs». Brosjyrer og reklamemateriell blir ofte lese frå venstre mot høgre.

Grammatikk[endre | endre wikiteksten]

Fonologi[endre | endre wikiteksten]

Japansk har fem vokalar (aeiou), dei blir uttalt som på italiensk og finsk. Japansk er eit tonelagsspråk, men det finst dialektar som ikkje har toneskilnad, og toneskilnaden blir nøytralisert i trykksvak posisjon, akkurat som på norsk. Japansk skil ikkje mellom /l/ og /r/, men har ein lyd som er ein slangs mellomting mellom dei to.

Japansk fonotaks tillet ikkje konsonantgrupper initialt i stavinga, og ei staving kan ikkje ende på andre konsonantar enn /n/, jf. japanske ord som Yamaha og Honda. Eit engelsk lånord som «table» («bord») blir teeburu (テーブル) på japansk.


Morfologi[endre | endre wikiteksten]

Japanske substantiv blir ikkje bøygd i kasus eller bestemtheit. Funksjonen deira i setninga blir markert med partiklar som blir sett etter substantivet.

Dei vanlegaste partiklane er:

  • ha - uttalt wa, fokuspartikkel
  • ga - subjektpartikkel
  • no - possessivpartikkel
  • wo - uttalt o, objektpartikkel
  • ni - adverbial lokativpartikkel «der», «dit», indirekte objekt
  • he - uttalt e, adverbial «dit»
  • de - adverbial lokativpartikkel «der»

Her er døme på ein kompleks substantivfrase: バスで東京へ行くひと, Basu de Tookyoo he iku hito = Person som drar til Tokyo med buss

Verb blir bøygd, ikkje i person, men i tid, valens og modus. Skriftleg blir dette uttrykt ved at verbet blir skrive med kanji, mens suffiksa blir skrive med hiragana.

Japansk har ikkje eige futurum, men presens (uttrykt med -ru og preteritum (-ta). Når valensendrande suffiks som kausativ og passiv blir lagt til kan resultatet bli relativ komplekst, som t.d. : 食べる taberu (ete) kan ha forma 食べさせられた tabesaserareta (skulle få nokon til å bli mata), eller. kausativ passiv preteritum, og det er mange hjelpeverb, som kjem etter hovudverbet. Særleg i talespråket er det vanleg med setningar som består berre av verb, t.d.: motte kite iru, bokst. «ta komme er» er ein typisk måte å seie «eg tok (det) med (hit/dit)», viss agens, patiens og mål er kjend allereie.

Adjektiva i japansk står nær verba (til skilnad frå t.d. norsk og særleg finsk, der dei er meir lik substantiv). Dei blir bøyg i tid og polaritet, dvs. dei har eigne nektingsformr, slik som verba har det: 赤い akai (raud) > 赤くない akakunai (ikkje raud) > 赤くなかったら akakunakattara (viss (det) ikkje hadde vore raud(t)).

Fleirtal[endre | endre wikiteksten]

Japansk har ikkje tal som eigen bøyingskategori, men det finst fleirtalspartikkel som er relativt laust knytt til substantiva. I dei fleste tilfelle der det blir referert til fleire objekt eller konsept blir desse partiklane likevel ikkje brukt.

For å oppgje mengde blir det brukt ulike rekneord: «tre agurkar» er på japansk kyuuri san-pon, bokst. «agurk tre-(lang)», og «tre papirark» er kami san-mai, «papir tre-(flat)». Rekneordet (klassifikatoren) er avhengig av typen av referent. Akira Kurosawas film «Sju samuraiar» er på japansk Shichi-nin-no samurai (七人の侍) eller Sju (menneske)samuraiar, men dyrehistoria «Sju samuraiar» er Shichi-hiki-no samurai (七匹の侍) eller Sju (dyre)samuraiar.

I visse konstruksjonar er det mogleg å bruke fleirtalspartiklar som -ra, -tachi og -gata. Det er også mogleg å bruke reduplikasjon, dvs. ordet blir tatt oppatt. I tilfelle blir ein initial ustemt konsonanten stemt. Døme: watashi = eg, watashitachi = vi; hito = menneske, hitobito = menneska

Syntaks[endre | endre wikiteksten]

Japansk er eit SOV-språk. Bortsett frå kravet om at verbet skal stå til slutt er ordstillinga likevel relativt fri, og objektet kan gjerne stå initialt i setninga, merkt med ein fokuspartikkel wa. Grammatisk funksjon blir uttrykt med partiklar, ga (subjekt), o (objekt), ni (indirekte objekt), de (adverbial), wa (fokus), t.d. i setninga:

ハンバーガー食べます。
Watashi ga ie de hambaagaa o tabemasu.
Eg (subjekt) heim (plass) hamburger (objekt) ete.
Eg et (ein) hamburgar heime.

Tema eller fokus[endre | endre wikiteksten]

Eit sentralt fenomen i japansk grammatikk er tema-rema-strukturen. fokuspartikkelen wa blir brukt til å gje ein av konstituentane i setninga meir vekt enn dei andre. Kva som er spesielt med dette elementet kan variere, det kan både vere å vise til at konstituenten har vorte sagt tidlegare, og det kan vere å kontrastere den til ein annan konstituent. X wa-konstituentar blir ofte omsett med «Når det gjeld X, så...». Jf.

これはペンです。 Kore wa pen desu. Dette (tema) penn er. Dette er ein penn.
赤いですか? Akai desu ka? Raud er SPM? Er [pennen] raud?
赤いです。 Akai desu. Raud er. [Han] er raud.
ジョンは学生である。JON wa gakusei de aru. Når det gjeld Jon, er han student.

Høflegheit[endre | endre wikiteksten]

Japansk har mange måtar å uttrykkje dei sosiale relasjonane mellom talar og tilhøyrar på. Namn og andre substantiv kan få tittelpartilar, substantiva kan få prefiks, og det finst ulike sett av verbformer for ulike høve.

Ordet otoosan, som tyder «far», har to høflegheitsdelar, prefikset o- og partikkelen -san. Suffikset -san kan nesten alltid bli lagt til eit namn. Eit meir høfleg partikkel er -sama (omtrent: «meister, herre, frue») og -sensei (lærar, doktor). Informelle partiklar som -kun (til menn) tai -chan (til kvinner) fortel at tilhøyraren er på same eller lågare nivå enn talaren.

Hjelpeverba/verbformene desu og masu gjer uttrykket meir høfleg. For å seie at maten er god, er det høflegare å seie oishiidesu enn berre oishii. For å seie «takk», er det høflegare å seie arigatoo gozaimasu enn berre arigatoo.

Dialektar[endre | endre wikiteksten]

Japanske dialektar.

Det blir talt mange ulike dialektar i Japan. Nokre av dei, som dialektane i dei perifere Tohoku- og Kagoshima-områda, kan vera uforståelege for talarar frå andre kantar av landet. Hovudskilnaden mellom ulike dialektar går mellom Tokyo-typen (東京式, Tōkyō-shiki) og Kyoto-Osaka-typen (京阪式, Keihan-shiki), med dialektane på Kyushu ein tredje type med stor indre variasjon.

Dialektar skil seg typisk gjennom tonelag, bøyingsmorfologi, ordforråd og bruk av partiklar. Noko sjeldnare kan dei ha ulike språklydar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Ei viktig kjelde til denne artikkelen er Finsk wikipedia

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]