Japp

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Japp
Japp sjokoladebar

Japp er ein sjokolade frå Mondelēz International, som i Noreg vert seld under merkenamnet Freia.

Sjokoladen består av mjølkesjokolade fylt med karamell og mjuk sjokolademarengs og minner om det konkurrerande sjokoladeproduktet Mars, med ørliten skilnad i både smak og innpakning. Japp vart lansert i Sverige av Marabou, Freia sitt svenske søsterselskap, i 1947. Produktet vart introdusert i Noreg i 1949 av Freia.[1][2]

Då sjokoladen skulle lanserast i Sverige i 1947 var eit av namneforslaga Japs, det amerikanske slanguttrykk for «japanar». Marabou valde å gjera om «s» til «p» og enda dermed med namnet Japp.

Japp vart produsert på Rodeløkka fram til 2005, då produksjonen vart flytt til Kaunas i Litauen.[3][4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Marabou firar 100 år». Mondelez International. 25. januar 2016. Henta 11. august 2017. 
  2. «Nordmenn er i verdenstoppen i sjokoladespising. Disse utgåtte go'bitene savner vi mest». dagbladet.no. 5. september 2016. Henta 11. august 2017. 
  3. «120 ansatte må gå». Fri Fagbevegelse. 8. desember 2005. Henta 11. august 2017. 
  4. «Føler seg ført bak lyset». Bergens Tidende. 24. juni 2010. Henta 11. august 2017. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Japp