Jar i Bærum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 59°55′16.144″N 10°37′7.6836″E

Eit område på Jar

Jar er eit strok aust i Bærum kommune, like vest for Lysakerelva, som er grensa mellom Oslo og Bærum. Namnet Jar, som opphavleg var namnet på ein gard (gnr. 38)[1], kjem av det norrøne ordet jaðarr, som tyder kant, og som truleg syner til at Jar ligg på av kanten av den djupe elvedalen som Lysakerelva går i her. Området vart bygd ut på 1920- og 1930-talet med frittliggjande einebustader på store tomter. Frå 1970-talet har stroket vorte fortetta med fleire einebustader på dei store tomtene, slik at stroket framleis er dominert av villaer.

T-banelina Kolsåsbanen og trikkelina Lilleakerbanen går gjennom området, og har den felles haldeplassen Jar.

Fotnoter[endre | endre wikiteksten]

  1. Borgen, Per Otto. 2006. Asker og Bærum leksikon, side 257. ISBN 82-91649-10-3