Jarabulus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jarabulus
جرابلس
by
Land  Syria
Guvernement Aleppo
Distrikt Jarabulus
Underdistrikt Jarabulus
Høgd 367 moh.
Koordinatar 36°49′N 38°01′E / 36.817°N 38.017°E / 36.817; 38.017
Folketal 11 570  (2004)
Kart
Jarabulus
36°49′03″N 38°00′40″E / 36.8175°N 38.011111111111°E / 36.8175; 38.011111111111
Wikimedia Commons: Jarabulus

Jarabulus (arabisk جرابلس, Jarābulus; nordsyrisk-arabisk Jrāblos) er ein by i Syria som administrativt høyrer til Aleppo guvernement. Jarabulus, òg kalla Jerablus, ligg 367 moh og ligg på vestbreidda av Eufrat. I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS) hadde hadde han eit folketal på 11 570 i 2004.[1] Han ligg like nord for Assadsjøen og like sør for den syrisk-tyrkiske grensa.

Det originale namnet på 1700-talet fvt. ser ut til å ha vore «Djerabis», seinare omtalt «Djeraboolos» eller «Djerablus», truleg frå Hierapolis (som er dagens Manbij i sørvest). Det finst funn frå bronse- og jernalderen like nord for Jarabulus (delvis i Tyrkia) på ein stad som vart kalla «Karkemish». I gresk og romersk tid var namnet på den antikke byen «Europos» (Εὐρωπός), som mest truleg var opphavet til den moderne forma av namnet Jerabis.

Den 20. juli 2012 tok den syriske opposisjonen over byen i lag med grenseposten mot Tyrkia.

Den 18. januar 2014 fekk Den islamske staten Irak (ISIS) kontroll over byen. To dag seinare kutta dei vassforsyninga til den kurdisk-kontrollerte byen Kobane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Folketeljing 2004. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Aleppo guvernement. Arkivert på [1]. (arabisk)