Jaramana

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jaramana
جرمانا
by
Jaramana flyktningleir og moskéen
Land  Syria
Guvernement Rif Dimashq guvernement
Distrikt Markaz Rif Dimashq
Nahiyah Jaramana
Høgd 670 moh.
Koordinatar 33°29′N 36°21′E / 33.483°N 36.350°E / 33.483; 36.350
Areal 5,95 km²
 - vatn km²
Folketal 114 363  (2004)
Kart
Jaramana
33°29′00″N 36°21′00″E / 33.483333333333°N 36.35°E / 33.483333333333; 36.35
Wikimedia Commons: Jaramana

Jaramana (arabisk جرمانا) er ein by sør i Syria i Rif Dimashq guvernementGhoutasletta. Han ligg 10 kilometer søraust for den syriske hovudstaden Damaskus og ligg innanfor storbyområdet. Folkesetnaden er hovudsakleg kristne og drusarar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Jaramana vart vitja av den den syriske geografen Yaqut al-Hamawi tidleg på 1200-talet og han skreiv at han var «ein bydel i Ghautah kring Damaskus».[1]

Demografi[endre | endre wikiteksten]

Sidan 2003 og byrjinga av Irakkrigen, emigrerte mange irakarar til Jaramana, og folketalet auka frå kring 100 000 til over 250 000.[2] I følgje folketeljinga 2004 var folketalet i byen 114 363.[3]

Det ligg òg ein palestinsk flyktningleir nær byen med same namnet. Jaramana har vore ein av dei mest populære destinasjonane for irakiske assyrisk kristne flyktningar som flykta frå det ustabile landet. I oktober 2006 fekk det assyriske samfunnet i Jaramana ein prest frå Mosul i Irak. Presten, Arkan Hana Hakim, hevda det no er 2 000 assyrisk-irakiske flyktningar i byen Jaramana aleine.[4]

Den 28. november og 12. desember 2012 vart den hovudsakleg drusiske og kristne byen råka av ein sjølvmordsbombar og ei bilbombe som tok livet av minst 54 sivile, inkludert kristne, drusarar, og sunnimuslimar. Sjølvmordsbombarane tok òg livet av fleire irakiske og palestinske flyktningar i Jaramana.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. le Strange, 1890, s. 462.
  2. «أسعار العقارات في جرمانا تتحدى الإنحدار .. والجمود لم « («Real estate prices in Jaramana challenge Downgrade ..») De Press - Buildex Online 19. mars 2009, på arabisk, henta 28. juni 2014
  3. « العقارات في مدينة جرمانا الأسعار نار» («Real estate prices in byen Jaramana are afire») Syria Steps 13. januar 2010, på arabisk, henta 28. juni 2014
  4. «Huge increase in number of Christian Iraqis fleeing to Syria» Arkivert 2012-02-05 ved Wayback Machine. German Press Agency 12. oktober 2006 at The Raw Story, henta 28. juni 2014

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]