Jaraslaw Ramantsjuk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jaraslaw Ramantsjuk
Romanchuk y.jpg
Fødd 10. januar 1966

Sapotskin

Parti United Civic Party of Belarus

Jaraslaw Tsjeslavavitsj Ramantsjuk, kviterussisk Яраслаў Чэслававіч Раманчук, russisk Jaroslav Tsjeslavovitsj Romantsjuk (fødd 10. januar 1966 i Sopotskin i Hrodna-provinsen) er ein kviterussisk politikar og økonom, og nestleiar i Det sameinte borgarpartiet. Han var kandidat ved presidentvalet i Kviterussland i 2010, og kom på tredjeplass ifølgje dei offisielle valresultata.

Ramantsjuk vart utdanna økonom i Minsk. Frå 1990 til 1997 jobba han som lærar, journalist, direktør og analytikar. 1995-96 jobba han som spesialist for det kviterussiske parlamentet sin komité for økonomisk politikk og reformer. Som økonom høyrer han til den liberalistiske såkalla austerrikske skulen.[1] Frå april 2000 har han vore nestleiar i Det sameinte borgarpartiet (Abjadnanaja hramadzianskaja partyja), med særskilt ansvar for internasjonale forhold, økonomi og utvikling. Han var kandidat ved parlamentsvalet i 2008 for Dei sameinte demokratiske kreftene, men vart ikkje valt inn.[2]

31. mai 2010 vart han utpeika som Det sameinte borgarpartiet sin kandidat ved presidentvalet i Kviterussland i desember 2010.[3] Ifølgje dei offisielle valresultata kom han på tredje plass med 2,0 % av røystene, men valet vart ikkje rekna som fritt og rettferdig av internasjonale observatørar. Kvelden etter valet vart det opptøyar i sentrum av Minsk i protest mot valresultatet. Ramantsjuk tok avstand frå demonstrasjonane og kritiserte dei andre opposisjonskandidatane for å ha sett menneskeliv i fare. Han fekk hard kritikk for dette frå resten av opposisjonen. Den tidlegare presidenten Stanislav Sjusjkevitsj skulda Ramantsjuk for å ha svike opposisjonen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]