Jarenga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jarenga
elv
Jarenga ved landsbyen Bogoslovo
Land  Russland
Nedslagsfelt 5 140 km²
Lengd 152 km
Middelvassføring 48,8 /s
Kjelde Timanhøgdene
 - høgd 180 moh.
Munning Vytsjegda
Kart
Jarenga
62°7′47″ N 49°4′29″ E
Wikimedia Commons: Yarenga River

Jarenga (russisk Яренга eller Яреньга) er ei elv i Republikken Komi og Arkhangelsk oblast i Russland og ei av sideelvane til Vytsjegda frå høgre.

Elva har utspring i regionen Ust-Vymskom i Republikken Komi, 5 km søraust for stasjonen Vezjajka. Elva renn først nord, før ho svingar vest, sør og så søraust. Elva er 152 km lang der 70 km er i Komi og 82 km i Arkhangelsk oblast. Ho munnar ut i Vytsjegda 5 km nedanfor landsbyen Jarensk.

Elva frys til i midten av oktober og vert fri for is att i månadsskiftet april - mai. I den øvre delen av elva er det mykje furu og lerkeskog langs breidda.

Av sideelvar frå venstre frinn ein Malaja Jarenga, Efimov rutsjej, Sazondjol, Vezjaj, Kus, Gimn, Urbasj, Siarevo, Krjokovka og Intom. Av sideelvar frå høgre finn ein Tsjelev rutsjej, Kidbjol, Surojol, Uktym, Otsjeja, Tsjervenka og Kizjmola.

Elva renn gjennom busetnadane Jarenga, Panty, Ust-Otsjeja, Savkino, Tohta, Lysimo, Bogoslovo, Paladino Øvre Bazluk og Zapan Jarenga.

I elva finn ein fisk som laks, gjedde åbor, harr, mort lake og hork.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]