Jarenvatnet
Jarenvatnet er ein innsjø i Gran kommune på Hadeland, 201 moh.. Innsjøen får tilløp frå elva Vigga i sørenden, og har utløp i nordenden, der Vigga renn vidare mot Røykenvika i Randsfjorden. Nordaust for Jarenvatnet ligg tettstaden Jaren, og i sørenden ligg Gran.
Jarenvatnet var den andre innsjøen i Noreg der det vart registrert vasspest. Vasspesten kom hit frå Østensjøvannet på slutten av 1950-talet og spreidde seg seinare frå her og til Drammensvassdraget, truleg via Randsfjorden og Randselva.
