Jarl Henning Ulrichsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Jarl Aage Henning Ulrichsen (fødd 15. juli 1947) har vore professor i Det nye testamente og omverda rundt det ved NTNU i Trondheim. Han er også ein framifrå sjakkspelar.

Teolog[endre | endre wikiteksten]

Ulrichsen tok doktorgrada ved Universitetet i Oslo i 1982 med ei avhandling om Grunnskriftet til De tolv patriarkers testamenter. Han har gitt ut ei Lærebok i bibelhebraisk (2006) og ei Gresk-norsk ordbok til Det nye testamente (2009).

Sjakkspelar[endre | endre wikiteksten]

Ulrichsen er også sjakkspelar med tittelen FIDE-meister i sjakk fra Verdssjakkforbundet FIDE. Han var førstereserve på det norske laget under sjakkolympiaden i Nice, Frankrike i 1974 og tok 8,5 poeng på 12 parti.[1] Dei seinare åra har han mange gode plasseringar i Noregsmeisterskapen i sjakk i seniorklassa, Noregsmeister i denne klassa i 2012 og 2014.[2]

Ulrichsen er også ein framifrå komponist av sluttspelstudiar.[3]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Øystein Brekke: Norske sjakktrekk. Norges Sjakkforbund 100 år 1914-2014. Norges Sjakkforbund 2014, ISBN 978-82-991916-2-3

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]