Jarlsberg grevskap

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Jarlsberg grevskap var Noregs andre, og siste, grevskap. Det vart opphavleg oppretta i 1673 som Griffenfeldt grevskap for Peder Schumacher Griffenfeld. Ifølge adelslova av 1821 vart Jarlsberg nedlagt som grevskap då den siste norske greven Peder Anker Wedel Jarlsberg døydde i 1893.

Sentrum for grevskapet var Jarlsberg Hovedgård som vart anlagt som Griffenfeldgård (òg skrive Griffenfeldtgård og Griffenfeld gård) der den gamle kongsgarden og lensherreresideas Sem hovudgard hadde lege, 3 km nordvest for byen Tønsberg.

Etter Griffenfelds fall i 1676 vart grevskapet overført til kong Kristian V og kalla Tønsberg grevskap. Kongen overlét grevskapet i 1678 til greven i Laurvig, Ulrik Fredrik Gyldenløve som var kongen sin halvbror. I september 1683 selde Gyldenløve til den tyske adelsmannen baron Gustav Wilhelm von Wedel, som vart opphøgd i den dansk-norske lensgrevestand den 4. januar 1684. Von Wedel er stamfar for slekta Wedel-Jarlsberg. Gustav Fredrik Wilhelm Wedel gjorde om namnet til Jarlsberg i 1684. Namnet Jarlsberg er funne på, sannsynlegvis med øya Jarlsø som utgangspunkt.

I 1821 blir grevskapet slått saman med Laurvigen grevskap til Jarlsberg og Larvik amt, seinare Vestfold fylke.

Grevskapet vart nedlagt i 1893 ifølgje Norges adelslov, men herregarden er framleis i slekta si eige.

Grevar av grevskapet[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]