Jarositt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jarositt
Jarosite on quartz Potassium iron sulfate Arabia District, Pershing County, Nevada 2779.jpg
Jarositt på kvarts frå Arabia-distriktet i Pershing County i Nevada
Generelt
KategoriSulfatmineral
Kjemisk formelKFe3+3(OH)6(SO4)2
Strunz-klassifisering07.fvt.10
Dana-klassifisering30.2.5.1
KrystallsymmetriTrigonal 3 2/m heksagonal ulikesida
Einingscellea = 7,304 Å, c = 17,268 Å; Z=3
Identifikasjon
Molekylvekt500,8 g
FargeRavgul eller mørkebrun
KrystallformKrystallar er vanlegvis delvis kubiske eller tavleforma, òg som korna skorper, nodular, trådaktige massar eller konkresjonar.
KrystallsystemTrigonal
Kløyvtydeleg på {0001}
BrotUjamn til muslig
FastleikSprø
Mohs hardleiksskala2,5–3,5
Glansnær diamantaktig til glasaktig, harpiksaktig på brot
Strekfargelysegul
TransparensGjennomsiktig til gjennomskineleg
Spesifikk vekt2,9 til 3,3
Optiske eigenskapar
Optiske eigenskaparEinaksa (-), sjeldan unormal toaksa med særs liten 2V
Brytingsindeksnω = 1,815 til 1,820; nε = 1,713 til 1,715
Dobbeltbryting0,102 til 0,105
PleokroismeE fargelaus, særs bleik gul, eller bleik grønaktig gul, O djup gyllengul eller raudbrun
OppløyselegheitUoppløyseleg i vatn. Oppløyseleg i saltsyre.
Andre eigenskaparKraftig pyroelektrisk. Ikkje-fluorescerande. Så vidt radioaktivt
Kjelder[1][2][3]

Jarositt er eit jernhaldig sulfatmineral, gult til brunt av farge, særs utbreitt som forvitringsprodukt av pyritt,

Mineralet krystalliserer trigonalt og har kjemisk formel KFe3(SO4)2(OH)6. Andre mineral i denne gruppa inneheld ammonium, oksonium, sølv eller bly i staden for kalium. Alunitt er aluminiumanalogen til jarositt.

Jarositt vart først skildra i 1852 av August Breithaupt i Barranco del Jaroso i Sierra Almagrera (nær Los Lobos i Cuevas del Almanzora i Almería i Spania). Namnet kjem frå Jara, det spanske namnet på ein gul blom som veks i dette området. Mineralet og blomen har same farge.

I 2004 vart det oppdaga jarositt på Mars av MössbauerspektrometeretMER-B-roveren. Dette er tolka som eit sterkt bevis på at det var store mengder flytande vatn på Mars i tidlegare tider.

I Noreg er det til dømes kjent frå alunskifer i Oslofeltet. Den tilsvarande natriumsambindinga (natrojarositt) er òg kjent frå Noreg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Gaines et al (1997) Dana's New Mineralogi Eighth Edition, Wiley
  2. http://www.mindat.org/min-2078.html
  3. http://rruff.geo.arizona.edu/doclib/hom/jarosite.pdf