Jaroslav Sakala
Hopp til navigering
Hopp til søk
Jaroslav Sakala | |
Fødd | 14. juli 1969 Krnov |
Yrke | skihoppar, skihopptrener |
Jaroslav Sakala på Commons |
Jaroslav Sakala (fødd 14. juli 1969) er ein tidlegare tsjekkisk (fram til 1992 tsjekkoslovakisk) skihoppar.
Sakala debuterte i verdenscupen i 1989, og tok si fyrste internasjonale meisterskapsmedalje under OL i 1992, då det tsjekkoslovakiske mannskapet tok bronsemedaljane i laghopp. Med eit felles lag for Tsjekkia og Slovakia var Sakala med på å ta sølvmedaljar under VM 1993 i Falun.
Den fyrste verdscupsigeren kom 30. januar 1993 i Bad Mitterndorf, og dagen etter vann han på nytt same stad. Den største prestasjonen som skihoppar gjorde Sakala i 1994, då han blei verdsmeister i skiflyging.
Den beste samanlagtplasseringa i verdscupen var ein andreplass i sesongen 1992/93. Sakala la opp som hoppar i 2003.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Jaroslav Sakala» frå Wikipedia på bokmål, den 13. desember 2008.