Jartegn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Illustrasjon av ulike jartegn frå Nürnbergkrøniken (1493)

Jartegn eller omen er eit særskild merke eller varsel som kan danna prov eller førebod.[1]

Ordet jartegn (norrønt jartegn) er avleidd frå *jarknteign, frå gotisk airkns: 'ærke', 'ekte'.[2]

I gamal tid kunne jartegn òg vere eit slags legitimasjonsteikn, til dømes noko ein person fekk med seg for å vise at han var den han gav seg ut for å vere, og hadde det oppdrag han påstod å ha.[3] I Soga om Olav den heilage heiter det til dømes: «Men dette fingergullet skal du gje Ragnvald jarl, og desse jartegnene vil han nok kjenne».[4]

I allmenn forstand er fenomenet ofte tolka som eit illevarslande, negativt eller skjebnesvangert varsel. Med andre ord kan «jartegn» òg brukast om teikn (fortrinnsvis i naturen) der overeinsstemming mellom signifikant og signifikat ikkje er vilkårleg eller tilfeldig.[treng kjelde]

I moderne tolkingslære, semiologi og semiotikk, i arven etter Ferdinand de Saussure, vert det som regel slege fast at jartegn ikkje finst i røynda, og at tilhøvet mellom signifikant og signifikat avheng av sosiale kontraktar. Trua på jartegn er eit kjenneteikn på ei magisk røyndomsoppfatning.[treng kjelde]

Døme på jartegn[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «jartegn» i Nynorskordboka.
  2. «järtecken», Svensk etymologisk ordbok (på svensk) (runeberg.org), s. 286, 1922, henta 1. november 2018 
  3. «jærtegn». Store norske leksikon (på norsk). 20. februar 2018. 
  4. Sturlason, S., «Soga om Olav den heilage». I Kongesoger, Det norske samlaget, 4. utg. 2. oppl. 1994. 69. s. 254.