Jason Scheff

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jason Scheff
Jason Scheff, bass and vocals.jpg
Fødd16. april 1962 (57 år)
FødestadSan Diego i California i USA
FødenamnJason Randolph Scheff
Aktiv1980 til i dag
SjangerRock, blues, R'n'B
Instrumentvokal, bassgitar, keytar, gitar
Verka somMusikar

Jason Randolph Scheff (fødd 16. april 1962) er ein USA-amerikansk bassist, songar og låtskrivar. Sidan 1985 har han vore bassist og songar for pop-rock-gruppa Chicago.[1] Han er den eldste sonen til den kjende bassisten Jerry Scheff, som i mange år spelte med Elvis Presley.

Scheff starta den profesjonelle karrieren sin i 1982 som medlem av Los Angeles-bandet Keane (må ikkje forvekslast med det britiske bandet med same namn). Seint i 1970-åra og tidleg i 1980-åra, spelte han i forskjellige band med musikarar som sidan starta Ratt.

I midten av 1985 vart den då 23 år gamle Shceff med i bandet Chicago etter at Peter Cetera slutta for å konsentrere seg om solokarrieren sin. Scheff var kjend for å klare å etterlikne stemma til Cetera på dei gamle hittane til Chicago. Den første singelen med vokalen hans er å høyre på 1986-versjonen av «25 or 6 to 4». Scheff har òg skrive fleire originale songar for bandet.

Scheff har òg gjeve ut album som soloartist, mellom anna Chauncy i 1996.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ruhlmann, William. «Biography: Chicago». AMG. Henta 30. oktober 2015.