Javi Martínez

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Javi Martínez
Javi Martinez Training 2017-03 FC Bayern Muenchen-1 (cropped).jpg
Personleg informasjon
Fullt namn Javier Martínez Aginaga
Fødd 2. september 1988 (31 år)
Fødestad Estella-Lizarra
Høgd 190 cm
Posisjon Midtbanespelar
Klubbinformasjon
Noverande lag
Bayern München
Nummer 8
Ungdomsklubbar
1993-95
1995-97


Spania Berceo
Spania Logroñés
Spania Arenas
Spania Izarra
Spania Osasuna
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2005-2006
2006-2012
2012-
Spania Osasuna
Spania Athletic Bilbao
Tyskland Bayern München
0 (0)
201 (22)
45 (3)
Landslag
2007-10
2010-
Spania Spania U21
Spania Spania
24 (1)
16 (0)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 6. juni 2014
‡ Landslagsmål oppdatert 6. juni 2014

Javier Martínez Aginaga (fødd 2. september 1988 i Lizarra i Navarra) er ein spansk, baskisk fotballspelar, som speler for Bayern München i den tyske Bundesliga. Han har òg landskampar for Spania. Han vart seriemeister i Tyskland med Bayern München i 2012/13- og 2013/14-sesongen og vann den europeiske meisterligaen med den same klubben i 2012/13-sesongen.

Martínez var med på å vinna U19-EM med Spania i 2007. Han debuterte for A-landslaget 29. mai 2010, etter å ha vorte teken ut til Spania sin tropp til fotball-VM i Sør-Afrika ni dagar før. Landslagsdebuten kom i ein treningskamp mot Saudi-Arabia. I turneringa, der Spania vart verdsmeistrar, fekk han spela éin kamp, som innbytar i gruppekampen mot Chile. I 2012 var han med på det spanske landslaget som vann fotball-EM, men kom ikkje på banen i nokon av kampane i turneringa.