Javier Culson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Javier Culson

2012-06-07 Bislett Games Javier Culson01.jpg

Statsborgarskap Puerto Rico
Fødd 25. juli 1984 (37 år)
Ponce
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2012, Sommar-OL 2008, Friidrett under Sommar-OL 2016

Javier Culson Rodríguez (fødd 25. juli 1984) er ein puertorikansk tidlegare friidrettsutøvar som utmerka seg i 400 meter hekk. I 2009 vart han den fyrste frå Puerto Rico som vann ein medalje i ein verdsmeisterskap i friidrett. To år seinare vann han ein ein ny sølvmedalje ved Friidretts-VM 2011 og i 2012 vann han bronsen i øvinga ved sommar-OL i London.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

I 2006 sigra Culson på langhekken under den ibero-amerikanske meisterskapen som då vart avvikla i heimbyen hans, Ponce. To år seinare sprang han for fyrste gong under 49 sekundar då han i Kingston vart klokka inn på 48,87. I juli 2009 flytta han landsrekorden til 48,29 sekund ved eit stemne i Monaco. Nokre veker seinare vann han sølvmedaljen ved verdsmeisterskapen i Berlin på ny bestetid, 48,09, han var då 0,18 sekund attom Kerron Clement frå USA.

Den 8. mai 2010 i Ponce presterte Culson livsbeste med eit hekkeløp på 47,72 sekund. Hausten 2011 sikra han seg VM-sølv nummer to på tida 48,44, Dai Greene frå Storbritannia vart verdsmeister. I OL-finalen i London 2012 tok Culson bronsemedaljen på 48,10 sekund, vinnaren Félix Sánchez fekk 47,63 og toaren Michael Tinsley 47,91 i sluttider.

Culson var god for tider på 48-talet til 2017. Han la opp etter 2018-sesongen.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]