Javier Hernández Balcázar
|
| |||
| Personleg informasjon | |||
|---|---|---|---|
| Fullt namn | Francisco Javier Rodríguez Pinedo | ||
| Kallenamn | Chicharito | ||
| Fødd | 1. juni 1988 | ||
| Fødestad | Guadalajara | ||
| Høgd | 172 cm | ||
| Posisjon | Angripar | ||
| Klubbinformasjon | |||
Noverande lag |
| ||
| Nummer | 14 | ||
| Ungdomsklubbar | |||
| 1997-2006 |
| ||
| Seniorkarriere* | |||
| År | Lag | Kampar (Mål) | |
| 2006-2010 2010-2015 2014-2015 2015-2017 2017-2019 2019-2020 2020-2023 2024- |
|
64 (26) 103 (37) 23 (7) 54 (28) 55 (16) 9 (1) 74 (38) 28 (2) | |
| Landslag | |||
| 2000-2019 |
| 109 (52) | |
|
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 15. november 2025 ‡ Landslagsmål oppdatert 15. november 2025 | |||
Javier Hernández Balcázar (fødd 1. juni 1988) er ein meksikansk fotballspelar som har spela for Manchester United. Kallenamnet hans, Chicharito, tyder ‘den vesle erta’.
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Hernández vart fødd i Guadalajara i Jalisco. Han budde i Morelia i Michoacán medan faren hans, fotballspelaren Javier «Chícharo» Hernández, spelte for Monarcas Morelia.[1] I Morelia var Hernández elev ved grunnskulen Instituto Piaget frå tredje til sjette klasse, og han spelte for skulen sitt fotballag.[1]
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Hernández starta karrieren sin i heimklubben Guadalajara som 11-åring i 1997, og heldt fram i klubben til han gjekk over til fyrstelaget i 2006. Frå 2006 til 2010 skåra han der 26 mål på 64 kampar.
Hernández vart teken ut til det meksikanske landslaget til fotball-VM 2010 i Sør-Afrika. Allereie vinteren før VM hadde Manchester United kjøpt spissen for å forsikra seg om at ingen andre kunne kjøpa han ved å sjå kor godt han gjorde det i VM. Han skåra to mål i meisterskapen, eitt i ein 2-0 siger over Frankrike, og eitt trøystemål då Mexico vart slått ut 1 - 3 av Argentina i ein åttandedelsfinale. Den statistiske analysen til FIFA synte at Hernández var den raskaste spelaren i heile verdsmeisterskapen det året. Han nådde ein toppfart på 32.15 km/t.
Hernández spelar no for Manchester United, og har fått ein strålande start der med 11 mål på 20 kampar så langt.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 «La Zanahoria de el Chicharito». Zócalo (på spansk). 15. januar 2012. Henta 12. november 2015.
- Denne artikkelen bygger på «Javier Hernández Balcázar» frå Wikipedia på bokmål, og «Javier Hernández Balcázar» frå Wikipedia på engelsk den 18. november 2010.
- Delar av denne artikkelen bygger på «Javier Hernández Balcázar» frå Wikipedia på engelsk, den 16. november 2025.