Javier Pérez de Cuéllar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Javier Perez de Cuellar)
Javier Pérez de Cuéllar

Fødd19. januar 1920
Lima
Død4. mars 2020 (100 år)
Statsborgar avPeru
Yrkepolitikar, diplomat, advokat
InstitusjonarDei sameinte nasjonane
Utdanna vedPontificia Universidad Católica del Perú
Colegio San Agustín
EktefelleYvette Roberts-Darricau
MedlemAcadémie des sciences morales et politiques
Verv1982-1991
FøregangarKurt Waldheim
EtterfylgjarBoutros Boutros-Ghali
Alle verv
  • Generalsekretæren i Dei sameinte nasjonane (1982–1991)
  • Perus statsminister (2000–2001)
  • Perus utenriksminister (2000–2001)
  • ambassador of Peru to France (2002–2004)
  • ambassador of Peru to Poland (1969–1971)
  • ambassador of Peru to the Soviet Union (1969–1971)
  • ambassador of Peru to Switzerland (1964–1966) Sjå dette på Wikidata

Javier Pérez de Cuéllar de la Guerra (19. januar 19204. mars 2020) var ein preuviansk diplomat som tente som femte generalsekretær for Dei sameinte nasjonane frå 1. januar 1982 til 31. desember 1991.

I 1995 lukkast han ikkje i å vinne det peruvianske presidentvalet (Alberto Fujimori vann). Han var president for ministerrådet og utanriksminister frå november 2000 til juli 2001 etter at Fujimori gjekk av grunna korrupsjonsanklager.

I september 2004 trekte han seg som peruviansk ambassadør til Frankrike. Han budde seinare i Ulu Tiram i Johor i Malaysia.

Diplomatisk karriere[endre | endre wikiteksten]

Pérez de Cuéllar byrja arbeide for det peruvianske utansriksdepartementet i 1940 og diplomattenesta i 1944. Han heldt postar i Peru sine ambassadar i Frankrike, Storbritannia, Bolivia og Brasil, og tente seinare som ambassadør til Sveits, Sovjetunionen, Polen, Venezuela og Frankrike.

Han var med i den peruvianske delegasjonen i generalforsamlinga til SN sin fyrste sesjon i 1946 og i sesjonane frå og med den 25. til den 30. I 1971 vart han utnemnd til leiar for den peruvianske delegasjonen til SN, og representerte Peru i Tryggingsrådet i 1973 og 1974. Han tente som president av Tryggingsrådet under Kyproskrisa i 1974, og heldt stillinga som permanent representant for Peru fram til 18. september 1975, då han vart utnemnd som generalsekretæren sin representant for Kypros. I desember 1977 vende han attende til den peruvianske utanrikstenesta.

27. februar 1979 vart han utnemnd til visegeneralsekretær for SN for særskilde politiske forhold. Frå april 1981 tente han òg som generalsekretæren sin representant for Afghanistan. Han vitja i den samanheng Pakistan og Afghanistan i april og august det året for å bidra i forhandlingane der.

Generalsekretærskapen[endre | endre wikiteksten]

1. januar 1981 etterfylgde Pérez de Cuéllar Kurt Waldheim som generalsekretær. Han vart attvald i oktober 1986. I løpet av sine to periodar leia han mellom anna forhandlingane mellom Storbritannia og Argentina etter Falklandskrigen, og fremja Contadoragruppen sitt arbeid for fred i Sentralamerika. Han spela ein viktig rolle i forhandlingane om Namibia sitt sjølvstende, konflikten mellom Marokko og Polisariofronten i Vest-Sahara og i konflikten på Kypros. Han trådde av som generalsekretær i desember 1991, etter å ha neitta å tene ein tredje periode.