Jayrud

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 33°48′24″N 36°44′25″E
Jayrud
جيرود
by
Land Flag of Syria.svg Syria
Guvernement Rif Dimashq guvernement
Distrikt Al-Qutayfah-distriktet
Nahiyah Jayrud
Koordinatar 33°48′24″N 36°44′25″E
Folketal 24 219 (2004) [1]
Tidssone EET (UTC+2)
Retningsnummer 11
Syria location map3.svg
Locator Red.svg

Jayrud (arabisk جيرود, òg skrive Jerud og i antikken kalla Geroda) er ein by sør i Syria i Rif Dimashq guvernement. Byen ligg nordaust for Damaskus i Qalamounfjella. Av stader i nærleiken finn ein al-Ruhaybah, al-Qutayfah og Muadamiyat al-Qalamun i sørvest, Yabrud, al-Nabk og Deir Atiyah i nord og al-Qaryatayn i nordaust. I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå hadde Jayrud eit folketal på 24 219 i 2004.[1] Byen er òg det administrative senteret i Jayrud nahiyah som består av fire byar med eit samla folketal på 31 821.[1] Innbyggjarane i Jayrud er hovudsakleg sunnimuslimar.[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

I utgravingar på staden har ein funne mikrolittar, knivblad, skraper og andre steinalderreiskaper datert attende til natufisk kultur.[3]

Under romersk tid vart Jayrud kalla Geroda. Byen er nemnt i Itinerarium Antonini som vart skriven under regjeringstida til Diokletian. Her vert byen nemnt som ein av stasjonane på romarvegen mellom Palmyra og Damaskus, og låg 16 romerske mil frå Telsea (dagens Al-Dumayr).[4]

Jayrud vart vitja av den syriske geografen Yaqut al-Hamawi tidleg på 1200-talet, under Ajjubide-dynastiet. Han skreiv at han var «ein landsby av Ma'loula i Damaskus ghautah[5]

Under osmanarane tente byen som senter i Jayrud Nahiyah, og var sete i ein agha. På 1800-talet vart byen skildra som velståande, gjestfri og «uvanleg rein.» Byen vart ofte angripen av beduinar som levde i utkanten av Den syriske ørkenen.[6]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Byen ligg langs den gamle karavaneruta mellom Damaskus og Palmyra, på den frodige sletta Jayrud ved foten av Qalamounfjella. Landet er oppdyrka og er kjend for produksjon av kveite og bygg. Byen ligg vest for eit stort marskland kalla «al-Mallahah».[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Folketeljing 2004. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Rif Dimashq guvernement. (arabisk)
  2. Smith, 1841, s. 173.
  3. Akkermans; Schwartz, 2004, s. 27.
  4. Porter, 1856, s. 47.
  5. le Strange, 1890, s. 463.
  6. 6,0 6,1 Porter, 1868, s. 510.