Jazzstandard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Notar til «Tea for Two», ein jazzstandard frå musikalen No, No, Nanette.

Jazzstandard er ein standardlåt innan jazz,[1] altså eit musikkstykke som er velkjent og ofte blir framført og spelt innav jazzmusikarar. Ettersom jazz omfattar mange ulike stilarter vil dei ulike standardane variera alt etter kva for ein type musikk ein speler. Dei fleste profesjonelle musikarar vil ha eit repertoar med mange fleire stykke enn dei som er kjende som standardar, men dei vil sikkert ha eit par standardar parat ved ein opptreden, anten som ein del av programmet eller som ekstranummer.

Den mest innspelte standardlåten gjennom tidene per 2012 var «Body and Soul» av Johnny Green frå 1930.[2] Det finst inga fastlagd liste over standardlåtar. Mange av dei blei opphavleg skrivne for mange tiår sidan og kan stamma frå gamle populærmelodiar, utdrag frå musikalar, til dømes frå Broadway, eller frå gamle opptak av kjende band. Mange jazzmusikarar tek òg med nyare låtar når dei brukar nemninga standard.

Dei ulike standardlåtane høyrer ikkje berre til dei jazzkategoriane der dei har oppstått, dei blir gjerne spelt av musikarar som har ein annan stil som spesialitet. Ein avant-gardemusikar kan til dømes ha glede av å spela ein gammal melodi i sin moderne stil, eller eit dixieland-band kan spela eit moderne stykke slik at det får eit tradisjonelt uttrykk.

Nokre døme[endre | endre wikiteksten]

Dixieland og New Orleans-jazz[endre | endre wikiteksten]

  • «(At the) Darktown Strutters Ball»
  • «Bill Bailey (Won't You Please Come Home)»
  • «(Home Again in) Indiana»
  • «Milenburg Joys»
  • «Panama» (opphavleg «Panama, a Characterist Novelty» frå 1912)
  • «That's A Plenty»
  • «Tiger Rag»
  • «When the Saints Go Marching In» (eigentleg ein gospelsong)

Swing[endre | endre wikiteksten]

  • «Caravan»
  • «In the Mood»
  • «It Don't Mean A Thing If It Ain't Got That Swing»
  • «King Porter Stomp»
  • «One O' Clock Jump»
  • «Sing, Sing Sing»
  • «Stardust»
  • «Take the A Train»
  • «Woodchopper's Ball»

Bebop[endre | endre wikiteksten]

  • «Blue Monk»
  • «Donna Lee»
  • «Joy Spring»
  • «Milestones»
  • «Night in Tunisia»
  • «Oleo»
  • «Round Midnight»
  • «Salt Peanuts»
  • «Hot House»

Mainstream[endre | endre wikiteksten]

  • «All of Me»
  • «Autumn Leaves»
  • «Misty»
  • «My Favourite Things»
  • «My Funny Valentine»
  • «Satin Doll»
  • «Summertime»
  • «I Remember Clifford»
  • «Four Brothers»

Instrumentalar[endre | endre wikiteksten]

  • «Harlem Nocturne»
  • «Cherokee»
  • «Bags' Groove»
  • «Robbins' Nest»
  • «Stable Mates»

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Jazzstandard» i Det Norske Akademis ordbok
  2. «Body and Soul (1930)». JazzStandards.com. 2012. Henta 22. september 2014.