Jbeil distrikt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 34°07′N 35°3′E
Byblos eller Jbeil distrikt
قضاء جبيل
distrikt
ByblosHarbour2.jpg
Byblos hamn
Land Flag of Lebanon.svg Libanon
Guvernement Libanonfjella guvernement
Adm. senter Byblos
Koordinatar 34°07′N 35°3′E
Areal 430 km²
Folketal 82 500
Folketettleik 192 / km²
Tidssone EST (UTC+2)
Plassering i Libanon
Plassering i Libanon
Wikimedia Commons: District Jbeil

Byblos eller Jbeil distrikt (Qadaa' Jbail) (arabisk قضاء جبيل) er eit distrikt (qadaa) i Libanonfjella guvernement i Libanon, nordaust for hovudstaden Beirut. Det administrative senteret er Byblos, òg kalla Jbeil.

Elvane Al-Madfoun og Nahr Ibrahim dannar høvesvis den nordlege og den sørlege grensa i distriktet, medan Middelhavet ligg i vest, og Libanonfjella i aust. På andre sida av fjella ligg Baalbek i Bekaadalen.

Demografi[endre | endre wikiteksten]

Folkesetnaden i distriktet er hovudsakleg maronittar etterfølgd av ein sjiamuslimsk minoritet, som dominerer Ibrahimdalen, særleg landsbyane Aalmat, Ras Osta, Hjoula, Bichtlida, Lassa, og Mazraat Es Siyad. Ein gresk-ortodoks minoritet utgjer ein del av folkesetnaden og er spreidd mellom fleire landsbyar som lokalt vert kalla «qornet el roum» (det ortodokse hjørnet). Desse er Mounsef, Jeddayel, Helwe, Berbara, Gharzouz, Rihanneh og Chikhane.

Jbeil har tre seter i det libanesiske parlamentet, to av desse er maronittisk-katolske og det tredje er sjiamuslimsk.

Turistmål[endre | endre wikiteksten]

Hovudstaden Byblos er ein viktig historisk og arkeologisk stad med ruinar frå fønikarane, romarane og krossfararane. I fjellandsbyen Aannaya ligg St. Maroun-Aannaya kloster og helgenskrinet til St. Charbel (1828-1898), den første libanesiske helgenen (offisielt kanonisert av pave Paul VI i 1977), begge viktige maronittiske, heilage stader. Landsbyen Laqlouq ligg ei høgd på 1750 til 2000 meter og er ein vintersportstad. Ved landsbyen Afqa ligg Afqagrotta, som er den heilage kjelda til elva Adonis (dagens Nahr Ibrahim). Ved landsbyen Bentael (Bintaael) ligg det første verneområdet i Libanon, oppretta i 1981. Ved landsbyen Jaj finst det overlevande sedertre frå dei eldgamle sederskogane.

Byar og landsbyar[endre | endre wikiteksten]

Aabaydat Aalmat Ech Chmaliyeh Aalmat Ej Jnoubiyeh
Amsheet Aannaya Aaqoura Adonis
Afqa Ain Ed Delbeh Ain El Ghouaybeh
Ain Jrain Ain Kfaa Bazyoun
Bchilleh Beer El Hit Behdidat Bejjeh
Bekhaaz Berbara Bichtlida
Bentaël Birket Hjoula Blat
Boulhos Brayj Chatine Chikhane
Chmout Edde Ehmej Fatreh
Ferhet Fghal Fidar
Ghabat Ghalboun Gharzouz Ghorfine
Habil Halate Haqel
Hay El Aarabeh Hbaline Hboub
Hdayneh Hjoula Hosrayel
Hsarat Hsoun Jaj
Janneh Jbeil Jeddayel Jenjol
Jlisseh Jouret El Qattine Kafr Kfar Hbal
Kfar Hitta Kfar Kiddeh Kfar Masshoun
Kfar Qouas Kfoun Laqlouq Laqlouq Lassa
Lehfed (www.lehfed.com) Maad Majdel
Marj Mastita Mayfouq
Mazraat Es Siyad Mchane Mghayreh
Michmich Mounsef Nahr Ibrahim
Qahmez Qartaba Qartaboun
Qorqraiya Qottara Ram
Ras Osta Rihaneh Seraaita
Souaneh Tartij Tourzaiya
Yanouh Zibdine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]