Jdeideh
Jdeideh | |||
جديدة المتن | |||
by | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Libanonfjella guvernement | ||
Distrikt | Matn distrikt | ||
Høgd | 0−50 moh. | ||
Koordinatar | |||
Areal | 6 km² | ||
Folketal | 160 000 | ||
Tidssone | EET (UTC+2) | ||
- Sommartid | EEST (UTC+3) | ||
Retningsnummer | +961 | ||
![]() Jdeideh | |||
Jdeideh (arabisk جديدة المتن, al-Judaydat, òg skrive Jdayde, Jdaideh og Jdeidet el-Matn) er ein kystkommune og det administrative senteret i Matn distrikt i Libanonfjella guvernement i Libanon.
Jdeideh dekkjer eit areal på kring 6 km². Han ligg i dei nordlege forstadane i Beirut og er ein del av Stor-Beirut. Kommunen er danna av dei tre landsbyane Jdeidet el-Matn, Bauchrieh og Sed el Bauchrieh, med i alt nesten 160 000 innbyggjarar.[1]
Jdeideh er eit viktig industriområde, men har òg ein del handels- og bankverksemd.
Arkeologi[endre | endre wikiteksten]
Det er gjort tre arkeologiske funn i Jdeideh-området av jesuittar. To av dei er flintfunn frå yngre steinalder frå Qaraoun-kulturen.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Jdeideh» frå Wikipedia på engelsk, den 22. august 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Jdeideh's Official Website[daud lenkje], henta 21. august 2014.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Jdeide Bouchrieh Sed kommune Arkivert 2008-08-27 ved Wayback Machine.
- Ikamalebanon.com