Ještěd-Kozákov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ještěd-Kozákov
fjellkjede
Land  Tsjekkia
Del av Vest-Sudetane
Kart
Ještěd-Kozákov
50°44′00″N 15°00′00″E / 50.73333333°N 15°E / 50.73333333; 15
Wikimedia Commons: Ještědsko-kozákovský hřbet
Ještěd-Kozákov i Tsjekkia

Ještěd-Kozákov er ei fjellkjede i Tsjekkia som er ein del av Sudetane. Ryggen er nesten 60 km lang, og ikkje breiare enn 15 km. Ryggen startar ved eit sadelpunkt i nordvest mellom åsane Pískový vrch (547 m) i Lausitzerfjella og Ostrý vrch (514 m), som høyrer til Ještěd-Kozákov. Desse åsane stig gradvis til over 800 meter, og Ještěd er det høgaste punktet med 1 012 m. Ještěd er òg den einaste toppen over 1 000 meter. Ryggen går søraustover, men er delt i to av dei djupe dalane til elvane Mohelka og Jizera. Den siste åsen over 700 m er Kozákov (744 m).

Fjellkjeda består hovudsakleg av kvartsitt og litt sandstein. Nesten heile Ještědryggen fram til Mohelkadalen er dekt av skog. Dei andre delane består av skog, enger og sletter. Mellom anna finn ein bøkeskogar her, ofte verna i form av naturreservat.

Terrenget passar fint for fjellturar og sykling. Skisport er meir avgrensa på grunn av ustadige snøforhold. Det mest populære område for både utfor og langrenn er sentrert rundt Ještěd.

Panorama frå Kozákov

Kjelder[endre | endre wikiteksten]