Je me casse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
«Je me casse»
Song av Destiny Chukunyere
Land Malta
Språk Engelsk
Utgjeve 15. mars 2021
Sjanger Pop
Lengd 02:58
Selskap Jagged House, Sony Music Sweden
Låtskrivar(ar) Amanuel Dermont, Malin Christin, Nicklas Eklund, Pete Barringer

«Je me casse» (fransk uttrykk for 'eg stikk') er ein popsong frå 2021 med den maltesiske artisten Destiny Chukunyere. Songen var det maltesiske bidraget i Eurovision Song Contest 2021 i Rotterdam i Nederland, der han enda på ein sjuandeplass. Songen og ein tilhøyrande musikkvideo vart offentleggjorde 15. mars 2021.[1]

Om songen[endre | endre wikiteksten]

«Je me casse» er skriven av låtskrivarteamet Malin Christin, Amanuel Dermont, Nicklas Eklund og Pete Barringer.[1] Jon Hällgren har miksa låten.[2]

Songen har engelsk tekst, men tittelen er fransk og vert gjenteken fleire gonger gjennom teksta. Songen handlar om ein mann som prøver å verta saman med ei kvinne ved å bruke klisjéfylte sjekkereplikkar og spandere drinkar på ho. Men kvinna er ikkje interessert og veit kva ho vil ha. Ho stikk frå fyren og vil heller ha det moro på dansegolvet.[2] Derav tittelen, som er eit fransk uttrykk for eg stikk.[3]

Eurovision Song Contest[endre | endre wikiteksten]

Kringkastaren PBS valde songaren Destiny Chukunyere til å representere Malta i Eurovision Song Contest 2020 etter at ho vann den andre utgåva av X Factor Malta. Chukunyere skulle ha delteke med «All of My Love», men EBU avlyste Eurovision Song Contest på grunn av koronaviruspandemien.[4] I staden vedtok kringkastaren PBS at Chukunyere skulle få representere Malta i Eurovision Song Contest 2021. Den nye songen, «Je me casse», vart offentleggjord 15. mars 2021.

Songen var siste bidrag ut på scena i den fyrste semifinalen tysdag 18. mai 2021 i Rotterdam Ahoy. Den vann semifinalen, og kvalifiserte seg til finalen laurdag 22. mai.[5] I forkant av Eurovision Song Contest var «Je me casse» blant dei største favorittane til å vinna tevlinga.[6][7] I finalen innfridde den ikkje favorittstempelet og enda på ein syvendeplass med 255 poeng.[8]

Skuldingar om odds-påverknad[endre | endre wikiteksten]

I etterkant av Eurovision Song Contest kom fleire maltesiske artistar på bana og skulda den maltesiske kringkastaren PBS for medvite å ha blåse opp favorittstempelet til songen ved å betala utlendingar for å vedda på han på ulike spillselskap.[9] Kanalen skal òg ha betalt utanlandske influensarar for å omtala songen positivt.[10]

Ifølgje kjelder skal kanalen ha brukt nærare 700 000 euro på å promotere bidraget. Statsråd ved statsministerens kontor, Carmelo Abela, sette i gang ei gransking for å finna ut om pengane vart brukt til å påverka oddsen hos spelselskap.[11][12]

Listeplasseringar[endre | endre wikiteksten]

Liste (2021) Høgaste

plassering

Belgia (Ultratop Flandern)[13] 48
Hellas (IFPI Greece)[14] 28
Island (Tónlistinn)[15] 8
Irland (IRMA)[16] 79
Litauen (AGATA)[17] 17
Nederland (Single Top 100)[18] 36
Polen (Airplay Top 100)[19] 52
Storbritannia (UK Download)[20] 41
Sveits (Schweizer Hitparade)[21] 83
Sverige (Sverigetopplistan)[22] 31

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Excuse her French! Destiny releases 'Je Me Casse'» (på engelsk). 15. mars 2021. Henta 15. mars 2021. 
  2. 2,0 2,1 «Destiny releases "Je Me Casse" -- Malta's Eurovision 2021 song» (på engelsk). 15. mars 2021. Henta 15. mars 2021. 
  3. «English Translation of “bon, je me casse” | Collins French-English Dictionary» (på engelsk). Henta 15. mars 2021. 
  4. «Destiny's Eurovision 2020 sings 'All Of My Love' for Malta - Eurovision Song Contest». 9. mars 2020. Henta 9. mars 2020. 
  5. «Eurovision 2021: History not on Destiny’s side as she is drawn to sing 6th in final» (på engelsk). Henta 21. mai 2021. 
  6. «Eurovision 2021 odds: Malta Favourite To Win Before Rehearsals» (på engelsk). 8. mai 2021. Henta 21. mai 2021. 
  7. «Who will win the Eurovision Song Contest 2021?» (på engelsk). 17. mai 2021. Henta 21. mai 2021. 
  8. Pace, Yannick (22. mai 2021). «Big Eurovision Upset For Malta As Destiny Places 7th And Italy Wins» (på engelsk). Henta 24. august 2021. 
  9. Methven, Nicola (27. mai 2021). «Eurovision cheating scandal over claims of illegal betting involving Malta entry» (på engelsk). Henta 5. september 2021. 
  10. Milward, Charlie (27. mai 2021). «Eurovision betting row: Malta under investigation over 'misuse of taxpayer cash'» (på engelsk). Henta 5. september 2021. 
  11. «Je Me Cash: Malta blew €650,000 on Eurovision» (på engelsk). Henta 5. september 2021. 
  12. «PBS asks Abela to launch audit of Eurovision spending over betting claims» (på engelsk). Henta 5. september 2021. 
  13. «Destiny [MT] - Je me casse - ultratop.be». Henta 5. september 2021. 
  14. «Official IFPI Charts Digital Singles Chart (International) Week: 21/2021». IFPI Greece. 7. juni 2021. Arkivert frå originalen |archive-url= requires |archive-date= (hjelp). Henta 5. september 2021. 
  15. «TÓNLISTINN – LÖG vika 21–2021» (på islandsk). Tónlistinn Plötutíðindi. 16. juni 2021. Arkivert frå originalen |archive-url= requires |archive-date= (hjelp). Henta 20. juni 2021. 
  16. «Irish Charts Singles» (på engelsk). Official Charts Company. 18. juni 2021. Henta 20. juni 2021. 
  17. «2021 20-os savaitės klausomiausi (TOP 100)» (på litauisk). Henta 20. juni 2021. 
  18. Hung, Steffen. «Destiny [MT] - Je me casse». Henta 5. september 2021. 
  19. «ZPAV :: Bestsellery i wyróżnienia - AirPlays - Top - Archiwum». Henta 5. september 2021. 
  20. «Official Singles Downloads Chart Top 100 | Official Charts Company» (på engelsk). Henta 5. september 2021. 
  21. «Destiny [MT] - Je me casse - hitparade.ch». Henta 5. september 2021. 
  22. «swedishcharts.com - Destiny [MT] - Je me casse». Henta 5. september 2021.