Je t'aime… moi non plus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

- Je t'aime je t'aime
Oh oui je t'aime
- Moi non plus
- Oh mon amour
- Comme la vague irrésolue

«Je t'aime… moi non plus»
- Serge Gainsbourg (1968)

«Je t'aime...moi non plus» (fransk for «Eg elskar deg... heller ikkje eg») er ein fransk song skriven av Serge Gainsbourg, arrangert av Arthur Greenslade og sungen av Gainsbourg og kjærasten hans Jane Birkin i ei innspeling frå 1969.

Songen vart opphavlege skriven for og spelt inn i lag med Gainsbourg sin dåverande kjæraste Brigitte Bardot i 1968. Bardot bad derimot Gainsbourg innstendig om å ikkje gje ut songen, noko han heller ikkje gjorde.[1] Same året møtte Gainsbourg og vart forelska i den engelske skodespelarinna Jane Birkin på settet til filmen deira Slogan. «Je t'aime... moi non plus» vart spelt inn igjen med Birkin på vokal i staden for Bardot og gjeven ut på singel og på albumet Jane Birkin/Serge Gainsbourg tidleg i 1969.

Tekst[endre | endre wikiteksten]

Teksten er skriven som ein oppdikta dialog mellom to elskarar under eit seksuelt møte. Av tekstlinjer frå songen finn ein:

  • «Je vais et je viens, entre tes reins» («Eg kjem og eg går, inn mellom hoftene dine» - reins tyder eigentleg nyre på fransk eller nedre del av ryggen.)
  • «Tu es la vague, moi l'île nue» («Du er bølgja, eg er den nakne øya»)
  • «L'amour physique est sans issue» («Fysisk kjærleik er ei blindgate»)

Kontrovers[endre | endre wikiteksten]

Det sterkt erotiske temaet i songen var sterk kost på denne tida og songen vart erklært støytande. Teksten refererer til tabuemne som sex utan kjærleik og vart framført med mykje pust og stønn og heile songen endar i ein simulert orgasme av Birkin. Han vart bannlyst frå radio i Italia, Polen, Spania og Storbritannia, og fordømt av Vatikanstaten i ei offentleg uttale.

Suksess[endre | endre wikiteksten]

Songen vart likevel ein stor kommersiell suksess i heile Europa, noko publisiteten rundt kontroversen truleg var delvis skuld i.

I Storbritannia vart songen opphavlege gjeve ut på Fontana, men etter at han nådde nummer to på listene trekte dei han tilbake frå sal. Gainsbourg inngjekk då ein ny avtale med det sjølvstendige selskapet Major Minor og singelen vart gjeven ut på nytt og nådde heilt til topps på den britiske singellista.[2] Songen gjekk òg til topps i Noreg.

Ei utvald liste av innspelte versjonar[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Serge Gainsbourg, arkivert frå originalen 28. mai 2009, henta 2. desember 2007 
  2. Ltd, Not Panicking, «h2g2 - Je T'aime (Moi Non Plus) - a French pop song - Edited Entry», h2g2.com, henta 10. april 2023 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Føregangar
«In the Year 2525»
Zager & Evans
Toppen av VG-lista
Serge Gainsbourg

8 veker, veke 40–47 1969
Etterfylgjar
«Sugar, Sugar»
The Archies