Jean-Auguste-Dominique Ingres

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Jean-Auguste-Dominique Ingres (29. august 178014. januar 1867) var ein fransk målar.

Han var fødd i Montauban sørvest i Frankrie, fekk utdanninga si ved akademiet i Toulouse, og drog til Paris i 1796 for å studera målarkunst under Jacques-Louis David. Etter kort tid forlet han atelieret til læraren på grunn av ei konflikt om målarstil. Ingres var mellom anna meir oppteken av konturar og liner enn læraren sin.

Han vann Prix de Rome i 1801. Meisterverket hans, Grande Odalisque, som syner ei haremsjente med for mange ryggvirvlar, er utstilt i Louvre.

Ingres er gravlagd på kyrkjegarden Père Lachaise i Paris.

Anna[endre | endre wikiteksten]

Det franske uttrykket «violon d'Ingres», om ein hobby, kjem frå Ingres sin vane med å spela fiolin for å kopla av frå målararbeidet