Jean-Baptiste Colbert de Torcy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jean-Baptiste Colbert de Torcy

Fødd14. september 1665
Paris
Død2. september 1746
Paris
Tittelambassadør, utanriksminister, Det franske vitskapsakademiet, Det franske vitskapsakademiet
LandFrankrike
MorMarguerite Béraud
FarCharles Colbert de Croissy
EktefelleCatherine Felicité Arnauld de Pomponne
BarnJean Baptiste Joachim Colbert, Marquis de Croissy
MedlemDet franske vitskapsakademiet
Q2993723

Jean-Baptiste Colbert, marki av Torcy (14. september 16652. september 1746), generelt kalla Colbert de Torcy, var ein fransk diplomat, som forhandla nokre av dei viktigaste avtalane mot slutten av regjeringstida til Ludvig XIV, mellom anna avtalen (1700) som førte til den spanske arvefølgjekrigen (1701-1714), der den døyande Karl II av Spania utpeikte barnebarnet til Ludvig XIV, Philippe, duc d'Anjou, som arvingen til den spanske trona, og grunnla den spanske Bourbon-linja.

Allereie i ungdomen sin vart det avgjort at Colbert skulle inn på den diplomatiske bana, og dei neste 20 åra vitja han mesteparten av Europa for å bli kjent med dei og perfeksjonere språkkunnskapane sine. 1689 vart han utnemnd til etterfølgjaren til faren sin, og tok ein stadig viktigare del i det diplomatiske arbeidet, men vart først i 1699 utnemnd som utanriksminister. Han støtta testamentet til Karl II av Spania som medverka til den spanske arvefølgjekrigen. Det alvorlege militære tilbakeslaget i Frankrike gjorde det lenge umogleg med vellykka diplomati, men Colbert brukte Tory-sigeren i England i 1710 for å opne separate forhandlingar. Han utnytta alle mogelege omstende klarte slik å oppnå uventa gunstig vilkår for Frankrike i freden i Utrecht i 1713. Etter Ludvig XIV døydde, vart Colbert skild frå forvaltninga av utanrikspolitikken, men stillinga hans som generalpostmeister fram til 1721 gjorde at Colbert var godt informert med sjølv dei mest hemmelege forhandlingane, og han utøvde enno ei tid seinare, bak kulissane, ein ganske stor innverknad. På byrjinga av 1720-talet trekte han seg heilt attende til privatlivet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]