Jean-Bertrand Aristide

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jean-Bertrand Aristide (t.v.) med presidenten av USA Bill Clinton i 1994.

Jean-Bertrand Aristide (fødd 15. juli 1953) er ein haitisk politikar og tidlegare katolsk prest som var president i Haiti i fire periodar mellom 1991 og 2004.

Tidleg liv og presteteneste[endre | endre wikiteksten]

Aristide blei fødd i Port-Salut og voks opp i Port-au-Prince, hovudstaden i Haiti. Han gjekk inn i salesianarordenen og var novise i La Vega i Den dominikanske republikken. Han utdanna seg til prest i Haiti, Italia, Canada og Israel, og blei prestevigd i 1982. Aristide fekk først ei lita forsamling i hovudstaden, og blei noko seinare sokneprest i ei stor forsamling i slummen. Han var ein sterk eksponent for frigjeringsteologi.

Jean-Bertrand Aristide var ein leiande motstandar av styret til diktatoren Jean-Claude Duvalier, og bidrog til at Duvalier måtte gå av i 1985–1986. 11. september 1988 slapp Aristide unna eit drapsforsøk då tilhengarar av den fordrivne diktatoren, den militante gruppa Tonton Macoute, gjekk til åtak på kyrkja hans. Tretten kyrkjegjengarar blei drepne.

I desember 1988 blei Aristide utestengd frå salesianarordenen på grunn av den politiske aktiviteten sin, men han blei verande katolsk prest. Det var han fram til 1995, då han gjekk ut av presteembetet og året etter gifta seg med Mildred Trouillot, ein amerikansk borgar.

Politikar[endre | endre wikiteksten]

I 1990 blei Aristide den første demokratisk valde presidenten på Haiti (med 67,5 % av stemmene) sidan landet vann sjølvstende i 1804. Han tiltredde 7. februar 1991. Allereie 30. september same år blei han styrta av eit kupp leidd av Raoul Cédras. Aristide drog i eksil, først til Venezuela, deretter til USA. Fleire tusen freista å flykta frå styret til Cédras, og prøvde seg som båtflyktningar til USA. Men USA nekta dei status som flyktningar. Med hjelp av internasjonalt press, forhandla Aristide og Cédras fram og signerte Governors Island-avtalen i juli 1993, som skulle gje ein politisk overgang, slik at Aristide igjen fekk makta i oktober det året.

I mai 1994 gjorde Tryggingsrådet i FN alle nødvendige hjelpemiddel tilgjengelege for å få sett inn igjen president Jean-Bertrand Aristide på normale vilkår. Det som i staden skjedde, var at militærleiarane, no ved Émile Jonassaint, igjen tok makta, gjennom det dei kalla ein «unntakstilstand». Men i oktober 1994 greidde amerikanarane å få militærregimet til å tre tilbake, og då kunne Aristide med amerikansk hjelp på nytt bli innsett i embetet sitt for å avtene det som var igjen av embetstida hans. Landet var då i ulage sosialt og økonomisk; følgjene av nesten 10 000 politiske drap og den økonomiske embargoen som landet blei påført medan Aristide var i eksil, hadde svekt det allereie fattige landet endå meir. Aristide oppløyste hæren og oppretta ein sivil politistyrke.

Etter demokratiske val blei Aristide etterfølgd av sin eigen statsminister frå 1991, René Préval, i 1995; Préval vann med 88 prosent av stemmene.

I 2000 vann Aristide på presidentvalet med det nye partiet sitt Fanmi Lavalas, og vart president på ny. Denne gongen var prosessen prega av skuldingar om valfusk og rapportar om vald og truslar mot opposisjonen. I februar 2004 vart Aristide under uklare tilhøve tvinga til å forlate landet, og hamna i eksil i Sør-Afrika, og prøvde derfrå å hevde den lovlege retten sin til presidentembetet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]