Jean-Claude Juncker
Jean-Claude Juncker | |
![]() | |
Fødd | 9. desember 1954 Redingen an der Attert/Rédange-sur-Attert i Luxembourg |
---|---|
Statsborgar av | Luxembourg |
Parti | Kristelig sosialt folkeparti |
Yrke | politikar, advokat, deltakar i internasjonale forum |
Utdanna ved | Lycée Michel-Rodange Université de Strasbourg |
Ektefelle | Christiane Frising |
Medlem | Eurogruppen EU-troikaen Académie des sciences morales et politiques |
Verv | Finansminister i Luxembourg 14. juli 1989–23. juli 2009 |
Etterfylgjar | Luc Frieden |
Verv | Statsminister i Luxembourg 20. januar 1995–4. desember 2013 |
Føregangar | Jacques Santer |
Etterfylgjar | Xavier Bettel |
Verv | President for Europakommisjonen 1. november 2014–30. november 2019 |
Føregangar | José Manuel Durão Barroso |
Etterfylgjar | Ursula von der Leyen |
Alle verv |
|
Jean-Claude Juncker (fødd 9. desember 1954 i Redange) er ein luxembourgsk politikar som var statsminister i Luxembourg frå 1995 til 2013. Han var president i Europakommisjonen frå 2014 til 2019, og dermed leiar av Juncker-kommisjonen.
Juncker leiar det kristendemokratiske partiet Chrëschtlech Sozial Vollekspartei (Det kristlegsosiale folkepartiet). Han tok over som statsminister då forgjengaren Jacques Santer vart president for EU-kommisjonen i 1995. Han vart gjenvald ved parlamentsvala i 1999 og 2004. Ved det siste valet fekk partiet hans 36,1 % av røystene. Han regjerte i koalisjon med det sosialdemokratiske partiet Lëtzebuerger Sozialistesch Aarbechterpartei (Det luxembourgske sosialistiske arbeidarpartiet) frå 2004. Det same partiet var koalisjonspartnar før 1999. Mellom 1999 og 2004 regjerte han i koalisjon med det liberale partiet Demokratesch Partei (Det demokratiske partiet).