Jean-François Duclerc

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Jean-François Duclerc (fødd i Guadeloupe, død 18. mars 1711 i Rio de Janeiro) var ein fransk sjørøvar og riddar i Saint-Louis-ordenen.

Han var fødd i Guadeloupe som son av Jean Duclerc. Han starta ein karriere i den franske marinen, først som kaptein på eit brannskip og så på ein fregatt. Den 10. mai 1710 segla han frå La Rochelle som kommandant på ein liten flåte som skulle angripe Rio de Janeiro. Han hadde berre seks skip og 1200 mann til disposisjon. Mot slutten av august 1710 nådde dei Rio og prøvde å erobre byen. Raidet vart mislukka. Portugisarane visste at dei var på veg og hadde ingen vanskar med å knuse den vesle styrken. 400 franskmenn mista livet og 700 tekne til fange, inkludert Duclerc. Trass i dette vart han slått til riddar av Saint-Louis-ordenen. Den 18. mars 1711 vart Duclerc myrda i fengsel under mystiske omstende av ei gruppe maskerte menn. I september 1711 klarte ein langt større fransk styrke under Duguay-Trouin å erobre Rio de Janeiro og frigjere dei gjenverande fangane frå raidet til Duclerc.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]