Hopp til innhald

Jean-Jacques Rousseau

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jean-Jacques Rousseau

StatsborgarskapRépublique de Genève
Fødd28. juni 1712
Genève
Død

2. juli 1778 (66 år)
Ermenonville

Yrkefilosof, skribent, klassisk komponist, musikkforskar, romanforfattar, sjølvbiograf, pedagog, naturvitar, skodespelforfattar, Encyclopédistes, korrespondent, statsvitar, essayist, musikkritikar, botanikar, komponist
Språkfransk
Religionprotestantisme, katolisisme, protestantisme
FarIsaac Rousseau
EktefelleMarie-Thérèse Le Vasseur
Signatur
Jean-Jacques Rousseau på Commons

Jean-Jacques Rousseau (28. juni 17122. juli 1778) var ein fransk-sveitsisk forfattar, politisk filosof og autodidakt komponist som verka i opplysningstida. Han fekk stor innverknad på politikk, pedagogikk og litteratur. Rousseau hadde mykje å seie for jødane.[treng kjelde] Han bidrog til at dei ikkje vart forfølgde.[treng kjelde]

Rousseau vart fødd i Genéve, men virka mykje av livet sitt i Frankrike.

Rousseau var ein av dei fyrste som formulerte folkesuverenitetsprinsippet, og fekk stor innverknad på politisk filosofi gjennom verket Du contrat social (samfunnskontrakta). Verket kom til å ha avgjerande tyding for den amerikanske sjølvstendeerklæringa, Den norske grunnlova og særleg for den franske revolusjon, som braut ut 11 år etter at Rousseau døydde.

Hans syn på barnet og barndommen (jf. Émile ou De l'éducation, 1762) har fått enorme følger i ettertida, for barneoppseding og verdsetjing av barndommen. Hans udogmatiske religiøse syn, basert på hans inderlege og grensesprengjande kjensle for naturen og samanheng i altet, har og fått uoverskueleg tyding i etterkant av hans død.

    Bakgrunnsstoff

    [endre | endre wikiteksten]
    Commons har multimedium som gjeld: Jean-Jacques Rousseau