Jean-Marie Gustave Le Clézio

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jean-Marie Gustave Le Clézio

Statsborgarskap Frankrike, Mauritius
Fødd 13. april 1940 (83 år)
Nice
Yrke skribent, omsetjar, romanforfattar, essayist, barnebokforfattar, journalist, universitetslærar
Språk engelsk, spansk, italiensk, fransk
Medlem av comité de lecture des éditions Gallimard
Ektefelle Jémia Le Clézio
Jean-Marie Gustave Le Clézio på Commons

Jean-Marie Gustave Le Clézio (fødd 13. april 1940 i Nice) er ein fransk forfattar. Le Clézio debuterte med romanen Le procès-verbal. Han vart utnemnd til vinnar av Nobelprisen i litteratur i 2008.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Jean-Marie Gustave Le Clézio hadde britisk far. Faren var lækjar og kom opphavleg frå Mauritius. Jean-Marie Gustave le Clézio blei fødd i Nice men flytta saman med familien til Nigeria då han var åtte år gamal. Faren hadde arbeidd i landet sidan den andre verdskrigen. To år seinare flytta familien attende til Frankrike. Le Clézio studerte engelsk ved Bristol University i slutten av 1950-åra, og heldt fram med å studere språk ved Institut d’etudes Litteraires i Nice og ved universitetet i Aix-en-Provence. Han tok doktorgraden i meksikansk historie i 1983 på universitetet i Perpignan. Le Clézio har òg arbeidd som lærar ved ulike høgskular i verda, mellom anna i Bangkok og i Mexico City.

Le Clézio har heile livet sitt vore på reisefot. Han har levd saman med ulike folkeslag. Dei første romanane var inspirert av Jean-Paul Sartre og Albert Camus, men òg av dei franske symbolistane. I fylgje Encyclopedia Britannica skriv Le Clézio apokalyptiske romanar som fortel om framandskap ansynes den teknologiske utviklinga.

For sin første roman, Le procès-verbal vart Le Clézio nominert til Prix Goncourt og vinnar av Prix Renaudot. I 1970-åra introduserte han den svenske forfattaren Stig Dagerman for franske lesarar.