Jean-Max Bellerive
| Jean-Max Bellerive | |||
| | |||
| Fødd | 1958 (68 år) Port-au-Prince | ||
|---|---|---|---|
| Statsborgar av | Haiti | ||
| Yrke | politikar | ||
| Verv | Statsminister i Haiti 2009-2011 | ||
| Føregangar | Michèle Pierre-Louis | ||
| Etterfylgjar | Garry Conille | ||
| Alle verv | |||
Jean-Max Bellerive (fødd 1958 i Port-au-Prince) er ein haitisk politikar som var statsminister i Haiti frå 2009 til 2011.
Den haitiske presidenten, René Préval, nominerte etter ordre frå senatet Bellerive til å erstatte tidlegare statsminister Michèle Pierre-Louis 30. oktober 2009. Dagen før stemde 18 av dei 29 senatorane i Senatet for å avsetje Pierre-Louis etter skuldingar om for dårlege resultat i leiinga av den økonomiske utviklinga i Haiti, ettersom ho òg var finansminister.
Bellerive er gift, og er far til to jenter. Som son av ein framståande lege forlét han heimlandet i svært ung alder for å studere i Sveits, Frankrike og Belgia. Han er utdanna innan statsvitskap og internasjonal politikk, og flytta tilbake til Haiti i 1986, rett før diktatoren Jean-Claude Duvalier vart styrta.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Jean-Max Bellerive» på Wikipedia på bokmål og riksmål, innhenta 28. april 2010.