Hopp til innhald

Jean-Paul Sartre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jean-Paul Sartre

Statsborgarskap Frankrike
Fødd 21. juni 1905
Paris
Død

15. april 1980 (74 år)
14. arrondissement

Yrke skodespelforfattar, kunnskapsteoretiker, romanforfattar, manusforfattar, biograf, litteraturkritikar, essayist, motstandskjempar, politisk skribent, skribent, filosof, fredsaktivist, kommentator, intellektuell, sosiolog, songtekstforfattar
Språk fransk
Medlem av American Academy of Arts and Sciences
Religion ateisme
Far Jean-Baptiste Sartre
Ektefelle ingen verdi
Partnar Simone de Beauvoir, Michelle Vian, Wanda Kosakiewicz, Olga Kosakiewicz
Jean-Paul Sartre på Commons
Jean-Paul Sartre

Jean-Paul Sartre (21. juni 190515. april 1980) var ein fransk eksistentialist, forfattar og regissør.[1] Han vert rekna som ein av dei viktigaste tenkjarane i Frankrike på 1900-talet.[2]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Sartre er truleg den best kjende eksistensialisten. Han hadde suksess med romanar og skodespel. Dei eksistensielle tema blei ofte utforska i dei skjønnlitterære verka hans, som t.d. Huis Clos, og i verka til Simone de Beauvoir, som han var i lag med mest heile livet.

Éin av Sartre sine hovudidéar var at mennesket er dømt til å vere fri.[3] «Dømt fordi det ikkje har skapt seg sjølv - men er likevel fri. Fordi det no ein gong er kasta inn i verda, er det ansvarleg for alt det gjer.» «Mennesket er den einaste forfattaren til si eiga åtferd». «Mennesket har ikkje ein gitt menneskeleg natur, men må skape sin eigen. Mennesket er ikkje anna enn det det skapar seg sjølv til.»

Sartre blei i hans seinare verk meir oppteken av høvet mellom sin fridomsfilosofi og marxismen. I Critique de la raison dialectique freista Sartre å kombinere eksistensialisme med marxisme.[4]

Før den andre verdskrigen underviste Sartre på ulike skular. Etter det bruka han livet sitt på å skrive og han redigerte i mange år bladet Les Temps Modernes. Han sat eit år i fengsel under krigen, og han blei eit symbol for dei franske intellektuelle sin motstand mot nazismen.

Sartre fekk nobelprisen i litteratur i 1964, men nekta å ta imot han.

Han blei gravlagd i Cimetière de Montparnasse i Paris.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Jean-Paul Sartre | Biography, Ideas, Existentialism, Being and Nothingness, & Facts | Britannica», www.britannica.com (på engelsk), henta 13. oktober 2022 
  2. «Jean-Paul Sartre», www.gyldendal.no (på norsk bokmål), henta 13. oktober 2022 
  3. «Frihetens psykologi», Psykologisk.no (på norsk bokmål), 19. mars 2020, henta 13. oktober 2022 
  4. Winther, Truls Olav (6. juli 2021). «Jean-Paul Sartre». Store norske leksikon (på norsk bokmål).