Jean-de-Dieu Soult

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jean-de-Dieu Soult

Statsborgarskap Frankrike
Fødd 29. mars 1769
Saint-Amans-Soult
Død

26. november 1851 (82 år)
Saint-Amans-Soult

Yrke politikar, militær, kunstsamlar
Språk fransk
Politisk parti partilaus
Religion Den romersk-katolske kyrkja
Far Jean Soult
Mor Brigitte de Grenier
Ektefelle Louise Berg
Jean-de-Dieu Soult på Commons

Jean-de-Dieu Soult, 1. hertug av Dalmatia[1] (29. mars 176929. november 1851) var ein fransk militærleiar og politisk figur under Napoleon og den franske restaurasjonen.

Jean-de-Dieu Soult verva seg til hæren som sekstenåring, og var sersjant i Strasbourg ved då den franske revolusjonen braut ut i 1789. Under krigen som følgde steig han i gradene og blei utnemnd til general av François-Joseph Lefebvre etter slaget ved Fleurus i 1794. Under slaget ved Stokach i 1799 tok han over som divisjonsgeneral for ein såra Lefebrve.

Napoleon gav han ansvar for den sørlege delen av kongedømet Napoli i 1800. I 1804 var han ein av 18 personar som blei utnemnd til marskalk av Frankrike av keisar Napoleon. Soult utmerka seg under dei sigerfulle slaga ved Ulm, Austerlitz og Jena, og blei utnemnd til hertug av Dalmatia i 1807. I slaga ved Eylau og Heilsberg hadde han mindre hell. Frå 1808 til 1811 kommanderte Soult styrkar i Spania, der han mellom anna kjempa mot britiske styrkar under Arthur Wellesley (seinare hertugen av Wellington) og mot spanske geriljastyrkar.

Under det tyske felttoget i 1813 deltok Soult i slaget ved Bautzen i mai, men vende tilbake til Spania etter det franske nederlaget ved Vitoria. Han blei til slutt driven tilbake og nedkjempa av Wellesley ved Toulouse i april 1814, fire dagar etter at ein overvunnen Napoleon hadde abdisert.

Under restaurasjonen støtta Soult den gjeninnsette Bourbon-kongen, men under dei hundre dagane til Napoleon i 1815 vende Soult seg til den tilbakevende keisaren og var generalstabsjef for han under slaget ved Waterloo.

Etter å ha blitt landsforvist ved den andre restaurasjonen blei Soult tilbakekalla i 1819, og var statsminister og krigsminister i fleire regjeringar. I 1847 utnemnde kong Ludvig Filip I han til generalmarskalk (Maréchal général des camps et armées du roi). Då Ludvig Filip blei styrta ved februarrevolusjonen i 1848 erklærte Soult seg som republikanar.

I 1854 gav Jean-de-Dieu Soult ut sine Mémoires i tre band.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ofte kalla Nicolas Jean-de-Dieu Soult, men Nicolas skal ha vore eit aukenamn.
  • «Soult, Nicolas-Jean de Dieu, Duc (duke) De Dalmatie» (2011). Encyclopædia Britannica. Encyclopædia Britannica Ultimate Reference Suite. Chicago: Encyclopædia Britannica.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Jean-de-Dieu Soult