Jean Baptiste Joseph Delambre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jean Baptiste Joseph Delambre

Fødd19. september 1749(1749-09-19)
Amiens
Død19. august 1822 (72 år)
Paris
NasjonalitetFrankrike
OmrådeAstronomi
Yrkeastronom, matematikar, historikar, professor
InstitusjonarCollège de France
Bureau des Longitudes
Alma materParisobservatoriet
Collège de France
DoktorgradsrettleiarJérôme Lalande
DoktorgradsstudentarGerard Moll
MedlemRoyal Society
Kungliga Vetenskapsakademien
Det franske vitskapsakademiet
American Academy of Arts and Sciences
Vitskapsakademiet i St. Petersburg
Det prøyssiske vitskapsakademiet
Accademia Nazionale delle Scienze detta dei XL
Det bayerske vitskapsakademiet
Accademia delle Scienze di Torino

Jean Baptiste Joseph, chevalier Delambre (19. september 174919. august 1822) var ein fransk matematikar og astronom. Han var direktør ved Paris-observatoriet, og skreiv fleire kjende bøker om astronomihistorie frå antikken til 1700-talet.

Frå 1788 hadde Delambre eit eige observatorium til disposisjon, der han gjorde omfattande observasjonar av solsystemet. I 1792 publiserte han resultata sine i Tables du Soleil, de Jupiter, de Saturne, d’Uranus et des moons de Jupiter. Her vart astronomiske tabellar for den nyoppdaga planeten Uranus for første gang presentert.

Frå 1792 til 1799 hadde han ansvaret for nymålinga av meridianbogen mellom Dunkerque og Paris, som inngjekk i avgjersla av storleiken til jorda, og dermed for definsjonen av den nye lengdeeininga meter. Han publiserte resultata sine i tre bind i Base du système métrique (1806, 1807 og 1810). Frå 1807 var han professor i astronomi ved Collège de France i Paris.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]