Jean Cocteau

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jean Cocteau i 1923
Originalplakat til balletten Parade, 1917

Jean Maurice Eugène Clément Cocteau (5. juli 188911. oktober 1963) var ein fransk dramatikar, poet, grafikar og filmskapar. Han er opphavsmann til nokre av dei sentrale verka i både dadaismen og i surrealismen. Cocteau er særleg påakta som forfattar.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Cocteau var fødd i Maisons-Laffitte ved Paris. Han debuterte som poet i 1909 og som dramatikar i 1917. Hans kanskje mest kjende skodespel, Umoglege foreldre (Les Parents Terribles), skrive i 1938, vart året etter oppført på Nationaltheatret i Oslo. Stykket handlar om korleis familien hemmar utviklinga av barnet, mennesket. Verket som Cocteau er mest kjend for, er likevel romanen Les enfants terribles, som kom ut i 1929.

Filmen Orphée frå 1950 fekk mykje merksemd. Denne filmen påverka den svenske filmskaparen Ingmar Bergman, som skreiv at den var «en av de vackraste franska filmerna som någonsin gjorts».[1] Mellom andre verk merkar diktsamlinga Poésie (1924), romanen Thomas I'imposteur (1923) og filmen L`Éternel Retour (Under evige stjerner) seg ut.

Cocteau samarbeidde med ei rad kunstnarar innanfor ulike felt, mellom andre med toneskaparane Erik Satie og Darius Milhaud. Han «oppfattet alle kunstarter som uttrykksformer for en tilgrunnliggende poesi»,[2] noko som gjorde at han til med prøvde å skape ein «litterær kubisme».

Han vart medlem av det franske akademiet i 1955.

Cocteau døydde i Milly-la-Forêt i Île-de-France-regionen.

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. ingmarbergman.se
  2. Winther, Truls Olav. (2009, 14. februar). «Jean Cocteau» i Store norske leksikon.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Store norske leksikon.