Jean François de Bette

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jean François de Bette

Statsborgarskap Spania
Fødd 6. desember 1672
Brussel
Død

11. januar 1725 (52 år)
Madrid

Yrke diplomat
Språk spansk

Jean François de Bette, 3. marki av Lede (6. desember 167211. januar 1725) var ein belgisk militærkommandant i spansk teneste. Han var òg herre over lenet Lede i Flandern.

Han var fødd i Brussel, men tente Spania det meste av livet, mellom anna som general for Aragon og Mallorca. Den 31. mars 1703 vart han riddar av det gylne skinnet.

Han er mest kjend for deltakinga i kvadrupelalliansekrigen, då han kommanderte dei spanske soldatane som prøvde å erober Sardinia og Sicilia attende frå austerrikarane i 1718-1719. Han sigra i slaget ved Milazzo i 1718 og slaget ved Francavilla (1719). Kvadrupelalliansen bestod av Det tysk-romerske riket, England, Frankrike og Hertugdømet Savoie mot ønsket til spanjolane om igjen å kontrollere italienske områda som dei hadde dei siste tre hundre åra før freden i Utrecth i 1713.

Han var òg statthaldar på Sicilia i den korte okkupasjonstida av øya.

I 1720-1721 førte han eit suksessrikt tokt for å heve kringsetjinga av Ceuta av sultan Moulay Ismail. Han fekk status som stormann av Spania av kong Filip V av Spania i 1721. Han var òg leiar av det spanske krigsrådet i 1724, men døydde i Madrid året etter.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]