Jean Galfione

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jean Galfione


Statsborgarskap Frankrike
Fødd 9. juni 1971 (52 år)
Paris
Idrett friidrett, segling
Tok del i

athletics at the 1992 Summer Olympics – men's pole vault, athletics at the 1996 Summer Olympics – men's pole vault, athletics at the 2000 Summer Olympics – men's pole vault

Jean Galfione i 2005

Jean Galfione (fødd 9. juni 1971) er ein fransk tidlegare stavhoppar frå Paris. Han vart olympisk meister i øvinga under OL 1996 i Atlanta og tok elles tre bronsemedaljar i EM og VM i friidrett i tida 1994-98.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Galfione høyrde til verdseliten i stavhopp frå han var 20 år gammal. Hans store gjennombrot kom då han tok bronsemedaljen i øvinga under EM 1994 i Helsingfors med eit hopp på 5,85 m. Året etter tok han bronse også i verdsmeisterskapen i Göteborg, knipe slått av sølvmannen Maksim Tarasov frå Russland.

Høgdepunktet opplevde Galfione då han vann den olympiske gullmedaljen i stavhopp i Atlanta 1996, på same høgda som Igor Trandenkov frå Russland og Andrej Tivontjik som representerte Tyskland. Både Galfione og Trandenkov klarde 5,92 m i fyrste forsøk, Tivontjik måtte ha to forsøk. Ingen av dei tre klarde neste høgda, dermed vart det utslagsgjevande for gullstriden at Trandekov hadde brukt fleire forsøk på lågare høgder enn Galfione.

Galfione tok bronsemedaljen i europameisterskapen 1998, fem centimeter under dei andre medljevinnarane. Våren 1999 vann han innandørs-VM ved å ta seg over 6,00 meter. I juni månad 1999 forbetra han den franske rekorden utandørs til 5,98 meter. Etter å ha gått over 5,70 m i kvalfiseringa under VM i friidrett 1999, bomma han i alle forsøka på opningshøgda, nett slik han hadde gjort i VM 1997.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]