Jean Ignace Isidore Gérard Grandville

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Jean Ignace Isidore Gérard)
Jean Ignace Isidore Gérard Grandville

Portrett av Grandville av Émile Lassalle (1840)
Pseudonym J. J. Grandville, J. I. I. Grandville, Jean Ignace Isidore Grandville
Statsborgarskap Frankrike
Fødd 15. september 1803
Nancy
Død

17. mars 1847 (43 år)
Vanves

Yrke karikaturteiknar, illustratør, kunstmålar, litograf, teiknar
Jean Ignace Isidore Gérard Grandville på Commons

Jean Ignace Isidore Gérard (13. september 180317. mars 1847), vanlegvis kjend under psevdonyma Jean-Jacques, J. J. Grandville eller berre Grandville, var ein fransk karikaturteiknar.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Les Ombres Portees, nr. 5 i La Caricature.
Illustrasjon av Grandville frå Un Autre Monde

Han var fødd i Nancy nordaust i Frankrike, i ein kunstnarisk og teatralsk familie. Namnet «Grandville» var det profesjonelle scenenamnet til besteforeldra. Grandville fekk den første opplæringa si i teikning frå faren, som var miniatyrmålar. Då han var tjueein år gammal flytta han til Paris, og gav like etterpå ei samling litografi med tittelen Les Tribulations de la petite proprieté. Han følgde opp med Les Plaisirs de tout âge og La Sibylle des salons (1827); men verket som gjorde han kjend var Les Métamorphoses du jour (1828–29), ein serie på sytti scenar der individ med kroppane til menneske og ansikta til dyr er laga for å spela ein menneskeleg komedie. Desse teikningane er merkverdige for den ekstraordinære evna kunstnaren har til å visa menneskelege eigenskapar i ansiktstrekka til dyr.

Grandville sine «metamorfosar» hadde stor innverknad på fantastiske illustrasjonar.
Scènes de la vie privée et publique des animaux brukt som tarotkort.

Suksessen til dette verket førte til at han blei gjeven oppdrag frå ulike blad, som La Silhouette, L'Artiste, La Caricature og Le Charivari. Dei politiske karikaturane hans som er kjenneteikna av ein frodi satirisk humor blei vidt populære.

Etter gjeninnføringa av før-sensur av karikaturar i 1835, vigde Grandville seg nesten utelukkande til bokillustrasjonar. Han laga illustrasjonar til ulike standardverk, som songane til Béranger, fablane til La Fontaine, Don Quixote, Gulliver's Travels og Robinson Crusoe. Han fortsette også å gje ut ulike samlingar av lithografi, mellom anna La Vie privée et publique des animaux,[1] Les Cent Proverbes, Un Autre Monde[2] og Les Fleurs animées.

Sjølv om designa til Grandville nokre gangar er unaturlege og absurde, uttrykker dei vanlegvis ein skarp analyse av karakter og ein oppfinnsam fantasi. Humoren hans er alltid temperert og finpussa av følsamheit for kjensler og ein nøktern omtanke. Grandville lei i aukande grad av alvorlege psykiske problem og døydde 17. mars 1847. Han er gravlagt i Cimetière Nord i Saint-Mandé like utanfor Paris.

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Sjonglør av univers frå Un Autre Monde

Ein av dei største prestasjonane til Grandville, i ei tid då fransk trykkteknologi var i rask utvikling, var Les Fleurs Animées, ein serie bilde som både er poetiske og satiriske. Dei kanskje mest originale bidraga hans til den illustrerte bokforma var Un Autre Monde, som nærmer seg rein surrealisme før denne retninga fanst. Leiande medlemmar av surrealist-rørsla, som André Breton og Georges Bataille, rekna Grandville som ein viktig forløpar og inspirasjon for rørsla.

Stilen og humoren hans var ein tydeleg innverknad på John Tenniel og ulike teiknarar for bladet Punch.

Det britiske rockebandet Queen brukte delar av kunsten hans til albumet sitt Innuendo frå 1991, og til dei flest singlane frå albumet: Tittelsporet, «I'm Going Slightly Mad», «These Are the Days of Our Lives» og «The Show Must Go On». Singelen «Headlong» har også ein figur laga av Grandville på baksida av omslaget.


Det amerikanske grungebandet Alice in Chains brukte også bilde av Grandville til albumet Alice in Chains frå 1995.

Den grafiske romanen Grandville av Bryan Talbot var sterkt inspirert av illustrasjonane til Grandville.

Kunsten til Grandville er mykje brukt i dataspelet Aviary Attorney, som finn stad under ein fiktiv versjon av februararrevolusjonen i 1848.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]