Jean de Reszke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jean de Reszke
Jean De Rezke 03.jpg
Fødd14. januar 1850
FødestadWarszawa
Død3. april 1925
DødsstadNice
FødenamnJan Mieczysław Reszke
OpphavPolen, Frankrike, Det russiske imperiet
Aktiv1874–1925
Sjangeropera
Instrumentpiano, vokal
Stemmetypetenor, baryton
Verka somoperasongar, songar, pianist
Jean de Reszke

Jean de Reszke, eigentleg Jan Mieczysław Reske, (fødd 14. januar 1850 i Warszawa, død 3. april 1925 i Nice), var ein polsk tenor og pianist som for det meste verka i Frankrike.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Reszke utdanna seg til songar i Italia og debuterte i 1874 i Venezia som Alfonso i Leonora. Etter det opptrådte han i fleire år i Paris og London. Under fortsette songstudie endra han barytonrøysta si til ein glansfull tenor. Reszke var 1885-89 tilsett ved operaen i Paris. Sidan opptredde han i mange år som gjest både der, i London, og i St. Petersburg. I åra 1893-99 var han kvart år i New York og song på Metropolitan-operaen. Han vart hylla som si tids fremste operatenor, ein verkeleg songkunstnar.

I 1904 tok han avskil frå scena og verka sidan som songlærar i Paris. Mellom elevane hans var den norske tenoren Erling Krogh.

Fremste rolletolkingar[endre | endre wikiteksten]

Mellom hans roller kan nemnast Raoul i Hugenottene, Profeten, Vasco da Gama i "Afrikanerinnen", Romeo, Faust, Cid, Radamés i "Aida", Otello, Pajazzo i tillegg til Wagnerrollene Tannhäuser, Lohengrin, Walther von Stolzing, Siegfried og Tristan

Kjelder[endre | endre wikiteksten]