Jeanett Kristiansen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jeanett Kristiansen

Jeanett Egebakken Kristiansen (fødd 24. desember 1992) er ein norsk handballspelar, oppvaksen i Eigersund og Mjøndalen. Ho vert jamnast brukt som venstre rykkromspelar, men kan også vere kantspelar. Veronica Kristiansen er syster hennar.

Jeanett Kristiansen spelte på Mjøndalen IF sitt lag på nivå tre? i seriesystemet fram til 2010. Ho melde då overgang til Glassverket IF og bidrog mykje til at laget i 2012 rykte opp i eliteserien. Sesongen 2013/14 spelte ho for Larvik HK, den dominerande klubben i norsk kvinnehandball. Med Larvik vart ho noregsmeister 2013 og seriemeister 2014. Deretter drog ho tilbake tilbake til Glassverket og var aktiv 2014-16 i Drammens-laget. Sommaren 2016 skreiv Kristiansen kontrakt med IK Våg/Vipers i Kristiansand, ein klubb som var i ferd med å take over hegemoniet i den nasjonale kvinnehandballen. Her var ho med å vinne NM 2017 og 2018, samt verte seriemeister i 2018 og 2019. Etter eit mellomspel 2019/20-sesongen i danske Herning-Ikast, var Kristiansen sesongen etter tilbake i Våg/Vipers. Frå hausten 2021 har ho kontrakt med Storhamar IL.

Kristiansen deltok i 6 landskampar for Noreg i 2017-18, skåra 10 mål.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]