Jeanette Nilsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jeanette Nilsen
Fødd 27. juni 1972 (49 år)
Skien
Yrke handballspelar

Jeanette Nilsen (fødd 27. juni 1972) er ein norsk tidlegare handballspelar frå Skien. Målvakta vart europameister i 1998 og verdsmeister i 1999. Ho vann elles sølvmedalje i EM 1996 og VM 1997, samt OL-bronse i 2000.

På klubbnivå var Nilsen aktiv på ei rad av norske lag; Gulset IF, Gjerpen IF, Nordstrand IF, Larvik HK, Stabæk IF, Njård IL 2008-10 og Selbu 2010-11?. Dessutan var ho ei tid burvaktar i danske Kolding.

Nilsen spelte fire landskampar i 1991, men måtte så vente i fem år før ho på ny kunne ta på seg ei norsk landslagsdrakt. Ho var med i troppa som vann EM-sølv i 1996, utan å delta i finalen. Derimot spelte ho i VM-finalen 1997, som atter med norsk tap mot Danmark. Tidlegare i same meisterskapen gjorde han sin aller beste landskamp då Noreg snudde åttedelsfinalen mot Austerrike. Både i 1998 og 1999 deltok ho då Noreg vann sine fyrste meisterskapsgull i handball, EM 1998 og VM 1999. I begge meisterskapane måtte ho sjå finalen frå tribuneplass, etter som Cecilie Leganger og Heidi Tjugum vart rekna for fyrste- og andremålvakt i troppane. Nilsen spelte ein kamp under Sommar-OL 2000, der Noreg til sist vann bronsen. Landslagstida hennar tok slutt med EM 2000. I alt stod Nilsen 91 kampar i Noregs mål. Ein gong kom ho på skåringslista, mot Ungarn i hennar 88. kamp under nettopp EM 2000 skåra ho likså godt to gongar.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Handball-EM 1996: Sølvmedalje etter 23-25 mot Danmark
  • Handball-VM 1997: Sølvmedalje etter 20-33 mot Danmark
  • Handball-EM 1998: Gullmedalje etter 24-16 mot Danmark
  • Handball-EM 1999: Gullmedalje etter 25-24 mot Frankrike
  • Sommar-OL 2000: Bronsemedalje etter 22-21 mot Sør-Korea

Kjelder[endre | endre wikiteksten]