Jeangu Macrooy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jeangu Macrooy

Fødd6. november 1993 (30 år)
FødestadParamaribo
OpphavSurinam
Aktiv2011–
Sjangerpop
Instrumentgitar
Verka somsongar-låtskrivar, songar

Jeangu Macrooy (fødd 6. november 1993 i Paramaribo) er ein surinamsk-nederlandsk songar og låtskrivar innan moderne soul. Han har budd i Nederland sidan 2014 og har hovudpublikummet sitt i Nederland, Surinam og etter kvart òg i Belgia, Frankrike og Tyskland. Macrooy skulle ha representert Nederland på heimebane i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam med songen «Grow», men tevlinga vart avlyst for å hindra spreiinga av koronaviruset. I staden vart Macrooy representant for Nederland i Eurovision Song Contest 2021 med låten «Birth of a New Age».

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Saman med tvillingbroren Xillan Macrooy danna han bandet Between Towers i 2011. Duoen sitt fyrste og einaste album, Star sin on My Radio, vart gjeve ut i 2013.[1] Etter å ha studert ved musikkonservatoriet i Paramaribo i to år, forlét han heimlandet og flytta til Nederland i 2014 for å studere låtskriving ved ArtEZ University of Arts i Enschede.[2]

Under ein opptreden ved skulen, møtte Macrooy musikkprodusenten Perquisite og signerte platekontrakt med plateselskapet til Perquisite i desember 2015.[3] Debut-EP-en til Macrooy, Brave Enough, kom ut på marknaden i april 2016 og hans fyrste singel, «Gold», vart brukt av HBO i samband med ein reklamevideo for Game of Thrones.[4] I april 2017 slapp Macrooy debutalbumet sitt, High on You.

Utgjevinga vart etterfylgd av ein klubb-turné i Nederland og med opptredenar som oppvarmingsartist for blant andre Curtis Harding, Ayọ og Trombone Shorty. Han har òg opptredd ved fleire større musikkfestivalar, blant dei North Sea Jazz Festival og Lowlands. I desember 2017 drog Macrooy tilbake til Surinam for å halda den fyrste konserten med bandet sitt i Paramaribo.[5] Singelen «Dance With Me» vart brukt som temalåt i den nederlandske filmen Open Seas (2018).

Det andre albumet til Macrooy, Horizon, vart gjeve ut i februar 2019.[6][7] Sommaren 2019 heldt han sin fyrste større turné som hovudartist i tre store tyske byar: Köln, Hamburg og Berlin.[8] Han spelte òg under Reeperbahn Festival i Hamburg.[9]

10. januar 2020 annonserte nederlandsk fjernsyn at Macrooy skulle representere Nederland på heimebane i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam.[10][11] Han skulle delta med songen «Grow», og som vertsnasjon var Nederland direktekvalifisert til finalen laurdag 16. mai. Men tevlinga vart avlyst for å hindra spreiinga av koronaviruset. I staden fekk Macrooy representere Nederland i Eurovision Song Contest 2021 med låten «Birth of a New Age».[12][13]

TV-opptredenar[endre | endre wikiteksten]

De Wereld Draait Door[endre | endre wikiteksten]

Macrooy har vore ein jamleg gjest på det nederlandske talkshowet De Wereld Draait Door. Der har han framført sin eigen musikk og hylla ei rekkje andre artistar som Stevie Wonder, George Michael og The Blue Diamonds. Han framførte òg Bob Dylan sin «The Timest They Are a-Changin'» i ei spesialsending. I 2018–2019-sesongen framførte han òg fleire songar av Paul Simon som hadde annonsert ein avskjedsturné i 2018.

29. mars 2018 deltok Macrooy i den årlege nederlandske tv-teateret The Passion, der han spelte rolla som Judas saman med Tommie Christiaan (Jesus), Brainpower (Peter), Glennis Grace (Maria) og Arjan Ederveen (Pilatus).[14]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Studioalbum[endre | endre wikiteksten]

Tittel Detaljar Høgste

listeplassering

NED
[15]
High on You
  • Gjeve ut: 14. april 2017
  • Selskap: Unexpected Records
  • Format: Digital nedlastning, CD
69
Horizon
  • Gjeve ut: 8. februar 2019
  • Selskap: Unexpected Records
  • Format: Digital nedlastning, CD
«—» markerer ei utgjeving som ikkje nådde lista eller vart utgjeve i det aktuelle landet.

Livealbum[endre | endre wikiteksten]

Tittel Detaljar
Live!
  • Gjeve ut: 6. november 2019
  • Selskap: Unexpected Records
  • Format: Digital nedlastning, CD

EP-ar[endre | endre wikiteksten]

Tittel Detaljar
Brave Enough
  • Gjeven ut: 7. april 2016
  • Selskap: Unexpected Records
  • Format: Digital nedlastning

Singlar[endre | endre wikiteksten]

Tittel År Høgste

listeplassering

Album
SUR
[16]
«Gold» 2016 Brave Enough
«To Love Is to Hurt»
«Brave Enough»
«Step into the Water» 2017 High on You
«Crazy Kids»

(med Xillan)

"High on You" 1
«Tell Me Father»
«How Much I Love You» 2018 Horizon
«Dance with Me»
«Shake up This Place» 2019
«Second Hand Lover»
«Grow» 2020
«Birth of a New Age» 2021
«—» markerer ei utgjeving som ikkje nådde lista eller vart utgjeve i det aktuelle landet.

Prisar og nominasjonar[endre | endre wikiteksten]

År Pris Kategori Resultat
2017 Edison Awards Beste nykommar Nominert
2018 Beste album (High on You) Nominert

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. https://www.facebook.com/pg/betweentowers/about
  2. «Jeangu Macrooy — Unexpected Records», unexpected-records.com, henta 29. mars 2021 
  3. https://www.facebook.com/944563722221346/posts/1116837274993989/
  4. http://www.themissingsync.nl/news/jeangu-macrooy-in-ziggo-commercial/
  5. Suriname I’m coming home! – Jeangu Macrooy (på nederlandsk), henta 29. mars 2021 
  6. Horizon - Jeangu Macrooy - Muziekweb (på nederlandsk), henta 29. mars 2021 
  7. Second album ‘Horizon’ is OUT NOW! – Jeangu Macrooy (på nederlandsk), henta 29. mars 2021 
  8. «Jeangu Macrooy on tour through Germany — Unexpected Records», unexpected-records.com, henta 29. mars 2021 
  9. Reeperbahn Festival: Noch mehr Acts, die ihr beim "Dutch Impact" entdecken könnt | >>FastForward Magazine (på tysk), henta 29. mars 2021 
  10. «Jeangu Macrooy vertegenwoordigt Nederland op het Eurovisie Songfestival 2020». songfestival.nl (på nederlandsk). 10. januar 2020. 
  11. «Jeangu Macrooy to represent the Netherlands in Rotterdam». eurovision.tv. 10. januar 2020. 
  12. Herbert, Emily (18. mars 2020). «The Netherlands: Jeangu Macrooy Will Represent The Netherlands at Eurovision 2021» (på engelsk). Henta 19. mars 2020. 
  13. «Jeangu Macrooy starts again with 'Birth Of A New Age'» (på engelsk). 4. mars 2021. Henta 5. mars 2021. 
  14. «The Passion! – Jeangu Macrooy» (på nederlandsk). Henta 11. januar 2020. 
  15. «Discografie Jeangu Macrooy». dutchcharts.nl. Henta 10. januar 2020. 
  16. «Top 40 Suriname». www.facebook.com (på engelsk). Henta 10. januar 2020. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]