Jeanne d'Arc av Tangerine Dream

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jeanne d'Arc
Studioalbum av Tangerine Dream
Utgjeve September 2005
Innspelt Juni 2005
Sjanger
Lengd 1:19:16
Selskap TDI/Eastgate
Produsent Edgar Froese
Tangerine Dream-kronologi 
Kyoto
(2005)
Jeanne d'Arc Rocking Mars
(2005)


Jeanne d'Arc er det 92. albumet totalt og det 32. studioalbumet til den tyske electronicagruppa Tangerine Dream, utgjeven i september 2005.[1]

Om ein ser bort frå Dante-trilogien, Dream Mixes-serien og arkivutgjevingar, var dette det første ordentlege studioalbumet til Tangerine Dream sidan Mars Polaris i 1999.[1] Det var òg det første albumet med det nye bandmedlemmet Thorsten Quaeschning, og for første gongen sidan 1990 hadde bandet tre komponistar, i tillegg til Edgar Froese og sonen Jerome Froese. Quaeschning hadde alt arbeidd med bandet i fleire år som lydteknikar, i tillegg til at han arbeidde med Edgar Froese på soloalbuma hans. Froese sa i eit intervju i 2014 at sonen og Quaeschning ikkje gjekk så godt i lag og at det var årsaka til at sonen slutta i gruppa i 2006, medan Quaeschning fortsette.

På liknande vis som Mars Polaris presenterte Tangerine Dream det nye studioalbumet sitt på to konsertar i Berlin i juli 2005.

I mars 2009 kom albumet ut på ny med nytt plateomslag.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Nr.TittelLengd
1.«La vision»12:19
2.«La joie»5:16
3.«La force du courage»8:37
4.«La solitude dans l'espoir»7:32
5.«La marche»8:36
6.«La sagesse du destin»7:58
7.«Le combat du sang»10:17
8.«Le combat des épées»14:02
9.«La libération»4:39

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Jeanne d'Arc». Voices in the Net. Henta 22. juli 2020.