Jebel Akhdar i Oman

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 23°6′N 57°24′E
Jebel Akhdar
الجبل الأخضر
fjell
none Terrassar i Jebal Akhdar.
Terrassar i Jebal Akhdar.
Land Flag of Oman.svg Oman
Koordinatar 23°6′N 57°24′E
Høgaste punkt Jabal Shams
 - høgd 3 009 moh
Oman adm location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Jebel Akhdar, Oman

Jebel Akhdar, Jabal Akhdar eller Al Jabal Al Akhdar (arabisk الجبل الأخضر, tyder «det grøne fjellet») er eit fjell i Al Hajar-fjella i Oman, innafor kysten av Omanbukta. Jabal Shams er det høgaste punktet i fjellområdet med ei høgd på rundt 3000 moh.

Fjella er hovudsakleg eit ørkenområde, men dei høgareliggande områda kan få kring 300 mm nedbør i året, som er noko til at det veks noko kratt og tre og til å drive noko jordbruk. Det er dette som er opphavet til «grøn» i namnet.[1]

Området ligg ein kring 45 minuttars køyretur frå Nizwa og er kjende for det tradisjonelle rosevatnet sitt. Innan jordbruket vert det dyrka granateple, aprikos, fersken og valnøtt.

Mellom 1957 og 1959 var området åstad for Jebel Akhdar-krigen, ein konflikt mellom omanske styrkar lojale til sultanen av Oman (med støtte frå britane) og opprørsstyrkane til imamatet Oman i innlandet, som var støtta av Saudi-Arabia.

I august 2011 gjorde sultan Qaboos Jebel Akhdar til eit naturreservat for å bevare det unike, men skjøre biologiske mangfaldet her.

Sidan 2011 har fjellet vore den største klatreetappen i sykkelløpet Tour of Oman.[2] Det finst fleire helleristingar i fjella, og dei eldste er daterte til å vere 6000 år gamle.[3]

Merknad[endre | endre wikiteksten]

  • Forskjellige kjelder gjev forskjellige høgder på toppen av Jabal Shams, med tal som varierer frå 2 980 til 3 075 moh. Det omanske informasjonsdepartementet har oppgitt det høgaste.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Andrea Schulte-Peevers; Iain Shearer. Oman. Lonely Planet. s. 222. 
  2. Puddicombe, Stephen. «Tour of Oman 2015 preview». http://www.cyclingweekly.co.uk/news/latest-news/tour-oman-2015-preview-157152. Henta 14. februar 2015. 
  3. Fossati, Angelo Eugenio. «Rock Art in Jebel Akhdar, sultanatet Oman, first overview and state of research, TRACCE Online Rock Art Bulletin». http://www.rupestre.net/tracce/?p=10320. Henta 29. august 2015. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Jebel Akhdar i Oman