Jebel Hafeet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 24°03′31″N 55°46′39″E
Jebel Ḥafeeṫ
جبل حفيت
fjell
Jabal hafeet shahin.jpg
Land Flag of the United Arab Emirates.svg Dei sameinte arabiske emirata, Flag of Oman.svg Oman
Topp Al Ain i Abu Dhabi
 - høgd 1 249 moh.
 - koordinatar 24°03′31″N 55°46′39″E
Oman adm location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Jebel Hafeet

Jabal Ḥafeeṫ (arabisk جبل حفيت) er eit fjell som ligg ved Al Ain i emiratet Abu Dhabi i Dei sameinte arabiske emirata.[1] Delar av fjellet kryssar over grensa til Oman, medan toppen ligg på den emiratarabiske sida. Fjellet har ei høgd på 1249 meter over havet og gjev flott utsyn over byen. Jebel Hafeet har vore eit kjend landemerke gjennom historia og er i dag eit turistmål. Det går ei stor grotte gjennom Jabal Hafeet.

Toppen av Jebel Ḥafeeṫ om kvelden.
Vegen opp til toppen av Ḥafeeṫ.

Ved foten av Jabal Ḥafeeṫ ligg Green Mubazarrah, eit velutvikla turistmål. Ved Green Mubazarrah spring varmt vatn ut frå små bekkar og dannar eit vatn. Symjebasseng og boblebad ligg spreidd over heile Green Mubazarrah.

Ein finn mange dyr i Jabal Ḥafeeṫ som flaggermus, revar og slangar.

Fjellet vert stundom feilaktig omtalt som det høgaste fjellet i Emiratane, men dette er Jabal Jais, som er 1 910 moh i Ras Al Khaimah.

Ḥafeeṫ-vegen[endre | endre wikiteksten]

Fjellvegen opp til toppen av fjellet strekkjer seg over 11,7 km og stig 1 219 meter. Vegen har 60 svingar og tre spor (to opp, og eitt ned). Vegen vart bygd av Strabag International frå Köln i Tyskland. På toppen av fjellet står ein radarstasjon, eit Mercure-Hotel.,[2] og eit slott.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]