Zawiya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Jebel Zawiyah)
Zawiya
fjell
Zāwiya i den sørlege gruppa av Belusmassivet
Land  Syria
Guvernement Idlib guvernement
Høgd 939 moh.
Koordinatar 35°44′N 36°42′E / 35.733°N 36.700°E / 35.733; 36.700
Kart
Zawiya
35°44′00″N 36°42′00″E / 35.73333333°N 36.7°E / 35.73333333; 36.7

Zāwiya (arabisk جبل الزاوية, ǧabal az-Zāwiya) eller Rīḥā (arabisk جبل ريحا, ǧabal Rīḥā), mellomalderen òg Banī-ʻUlaym (arabisk جبل بني عليم, ǧabal Banī-ʻUlaym) er eit høgland i Idlib guvernement nordvest i Syria. Det ligg kring 36 byar og landsbyar i området kring Zawiya.[1] Dei største byane er Rīḥā (Arīḥā) og Maʻarrat an-Nuʻmān.

Zāwiya danar den sørlege gruppa i Belusmassivet vest i Aleppoplatået. Nord og nordvest for fjellet ligg Roujsletta. Ghābsletta ligg på vestsida. Sør for fjella ligg sletene ved Ḥamā, og på austsida ligg Idlibsletta.

Den gjennomsnittlege høgda til Zāwiya er 750 m. Det høgaste punktet er Ayyūb (939 m). Vestsida av fjellet er bratt, medan austsida heller slakt. Mange kjelder spring ut på vestsida og flyt ned til Rouj- og Ghābsletta.

Fjellet omfattar to massiv skild av av ein dal med mange arkeologiske funn, slik som den antikke byen Bārā. Den nordlege delen av fjellet vert kalla Arbaʻīn (arabisk جبل الأربعين) (877 moh). Den antikke byen Ebla ligg nordaust for fjellet og den antikke byen Apamea ligg i sørvest.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Shelton, Tracey.On the front lines of Syria's guerrilla war. Al Jazeera English. Henta 30. mars 2014.