Jeff Baxter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jeff Baxter
The Doobie Brothers - Jeff Skunk Baxter.jpg
Baxter i 1970-åra
Fødd13. desember 1948 (70 år)
Washington, D.C., United States
FødestadWashington
OpphavUSA
AktivSidan 1968
SjangerRock, jazzrock, blue-eyed soul
Instrumentgitar
Tilknytte artistarThe Doobie Brothers, Steely Dan, Jimmy James and the Blue Flames, Ultimate Spinach, The Best, Bobby and the Midnites, Side Deal
PlateselskapWarner Bros., Capitol, Glass Records, Arista
Verka somMusikar, låtskrivar, produsent, militærrådgjevar

Jeffrey Allen «Skunk» Baxter (fødd 13. desember 1948) er ein USA-amerikansk gitarist, mest kjend for periodane han var medlem i rockebanda Steely Dan og The Doobie Brothers i 1970-åra og Spirit i 1980-åra. I nyare tid har han arbeidd som rådgjevar for den rådgjevande nemnda i den amerikanske kongressen om missilforsvar.[1]

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Medan han framleis var high school-elev arbeidde han på Manny's Music Shop på Manhattan i 1966. Her møtte han gitaristen Jimi Hendrix, som var heilt i starten av karrieren sin som frontmann. I ein kort periode det året var Baxter bassist i eit band leia av Hendrix kalla Jimmy James and the Blue Flames. Baxter flytta til Boston for å studere og arbeidde som gitarteknikar hos Jack's Drum Shop på Boylston Street.

Baxter vart først kjend for eit større publikum i 1968 som medlem av det psykedelisk rock-bandet Ultimate Spinach.[2] Baxter kom i bandet for III, det tredje og siste albumet deira.[3] Etter han slutta i bandet spelte han med Holy Modal Rounders[4] og akkompagnerte songaren Buzzy Linhart.[5][6] Det var på denne tida han fekk kallenamnet «Skunk», men opphavet til namnet er ukjnd.[7]

Med Steely Dan[endre | endre wikiteksten]

Etter han gav seg i Ultimate Spinach, flytta Baxter til Los Angeles og byrja å arbeide som studiomusikar. I 1972 var han med å starte Steely Dan, i lag med gitaristen Denny Dias, gitarist-bassist Walter Becker, klaverspelar-vokalist Donald Fagen, trommeslagar Jim Hodder og vokalisten David Palmer (og studiomusikaren Elliott Randall på forskjellige songar).

Baxter spelte med Steely Dan på dei førte tre albuma, Can't Buy a Thrill i 1972, Countdown to Ecstasy i 1973 og Pretzel Logic i 1974.[3]

Med The Doobie Brothers[endre | endre wikiteksten]

Pretzel Logic var ferdig innspelt, vart Baxter kjend med at Becker og Fagen ønskte å gje seg med turnering og berre konsentrere seg om å spele i studio med studiomusikarar. Baxter sllutta derfor i bandet i 1973 for å bli med i The Doobie Brothers, som på den tida turnerte etter det fjerde albumet deira, What Were Once Vices Are Now Habits. Som studiomusikar medverka han med pedalsteelgitar på Vices og «South City Midnight Lady» på forgjengaren, The Captain and Me. Det første albumet til Baxter som fulltidsmedlem i gruppa var Stampede i 1975.

Medan dei førebudde seg for ein turné etter Stampede, vart Doobie Brothers-grunnleggjaren Tom Johnston sjuk. Som mellombels erstattar føreslo Baxter å hente inn songaren og klaverpelaren Michael McDonald, som Baxter hadde arbeidd med i Steely Dan. Medan Johnston framleis var sjukmeld, vart McDonald invitert inn i bandet på fulltid. McDonald og Baxter tok bandet i ei ny retning og dei fortsette suksessen sin i 1976 med albumet Takin' It to the Streets, Livin' on the Fault Line i 1977 og særleg Minute by Minute i 1978, som låg fem veker på toppen av den amerikanske albumlista og inneheldt fleire hitsinglar.

Tidleg i 1979 slutta Baxter og trommeslagaren John Hartman i bandet.

Seinare karriere[endre | endre wikiteksten]

Baxter har fortsett å arbeide som studiogitarist for ei rekkje artistar, som Willy DeVille, Bryan Adams, Hoyt Axton, Eric Clapton, Gene Clark, Sheryl Crow, Freddie Hubbard, Tim Weisberg, Joni Mitchell, Ricky Nelson, Dolly Parton, Carly Simon, Ringo Starr, Gene Simmons, Rod Stewart, Burton Cummings, Barbra Streisand og Donna Summer.[4] Han har òg turnert med Elton John,[4] Linda Ronstadt,[4] og Billy Vera and the Beaters.

I 1982 spelte han med Spirit på albumet Spirit of '84, gjeve ut som The Thirteenth Dream utafor USA.[8]

I 1984 spelte Baxter klaverinstrument med Bobby and the Midnites på ein konsert i Capitol Theatre i Passaic i New Jersey.[9] Same året produserte og spelte Baxter gitar og syntheziser på albumet Where the Beat Meets the Street.

I 1986 vart Baxter med James Brown og Maceo Parker på gitar på fleire konsertar i Nord-Amerika.[10]

I 1990 vart Baxter med John Entwistle, Joe Walsh, Keith Emerson, Simon Phillips og den relativt ukjende vokalisten Rick Livingstone i supergruppa The Best. Gruppa gav ut ein konsertvideo frå Japan før dei vart oppløyst. Han produserte òg to album for hardrockbandet Nazareth, og album for Carl Wilson, Livingston Taylor, The Ventures og Nils Lofgren. Han var produsent for eit Bob Welch-album i 1982, Eye Contact. I 1994 spelte Baxter i videospelet Tuneland.

I nyare tid har han medverka på hyllestalbum til Pink Floyd og Aerosmith. I 2012 spelte han klaverinstrument på Brian Auger sitt Language of the Heart og The Beach Boys sitt That's Why God Made the Radio. Han spelar òg stundom i The Coalition of the Willing, eit band som består av Andras Simonyi, den ungarske ambassadøren i USA, Alexander Vershbow, den amerikanske ambassadøren i Sør-Korea; Daniel B. Poneman, tidlegare i Det nasjonale tryggingsrådet i USA og seinare vise-energiminister i Obama-regjeringa, og Lincoln Bloomfield, tidlegare assisterande sekretær for politiske-militære saker i USA.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Jeff Baxter | Biography & History». AllMusic. Henta 4. juni 2018. 
  2. Dreazen, Yochi J. (24. mai 2005). «Rocker Jeff Baxter Moves and Shakes In National Security». The Wall Street Journal. Arkivert frå originalen 24. mai 2005. Henta 4. juni 2018 – via Pittsburgh Post-Gazette. 
  3. 3,0 3,1 «Jeff Baxter (credits)». Discogs.com. Henta 4. juni 2018. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 Baxter, Jeff (July 13, 1992). «Jeff 'Skunk' Baxter online interview». AOL.com. America Online. Arkivert frå originalen May 30, 2000. Henta 4. juni 2018 – via granatino.com. 
  5. Obrecht, Jas. «GP Flashback : Jeff Baxter, December 1980». Guitarplayer.com. Henta 4. juni 2018. 
  6. Menn, Don. «GP Flashback : The Doobie Brothers, June 1976». Guitarplayer.com. Henta 4. juni 2018. 
  7. Bustillo, Miguel; McGreevy, Patrick (20. mai 1999). «Origin of Ex-Doobie's Nickname Revealed--Well, Maybe». Articles.latimes.com. Henta 14. desember 2017. 
  8. Review of Spirit of '84 at Allmusic.com
  9. «Bobby and The Midnites - Full Concert - 08/01/84 - Capitol Theatre (Official)». Capitol Theatre (Passaic, New Jersey). Henta 4. juni 2018 – via YouTube. 
  10. 1/26/1986 - Ritz (New York, NY), Music Vault

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Jeff Baxter