Jeff Beck's Guitar Shop
Jeff Beck's Guitar Shop Studioalbum av Jeff Beck | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Oktober 1989[1] | |
Studio | The Sol Studio i Cookham[2] | |
Sjanger | Instrumental rock, bluesrock | |
Lengd | 39:51 | |
Selskap | Epic | |
Produsent | Jeff Beck, Tony Hymas, Terry Bozzio, Leif Mases | |
Jeff Beck-kronologi | ||
---|---|---|
Flash (1985) |
Jeff Beck's Guitar Shop | Beckology (1991) |
Singlar frå Jeff Beck's Guitar Shop | ||
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [1] |
Jeff Beck's Guitar Shop er det femte studioalbumet til gitaristen Jeff Beck, gjeve ut i oktober 1989 på Epic Records. Albumet nådde 49. plassen på den amerikanske Billboard 200[4] og vann Grammyprisen for beste rockeinstrumental i 1990.[5][4] Dette var det andre albumet til Beck som vann ein pris i denne kategorien etter Flash (1985). «Stand on It» vart gjeven ut på singel og nådde 35. plassen på Billboard's Mainstream Rock-lista. «Sling Shot» vart nytta i skrekkomedien Gremlins 2: The New Batch i 1990 og fleire andre spor vart nytta som ein del av musikk til South Atlantic Raiders-episodane av den britiske komiseren The Comic Strip Presents.
I eit steg bort frå den tidlegare jazzfusionstilen hans, går Beck her meir i retning av rein instrumental rock, utanom på to spor («Guitar Shop» og «Day in the House») der trommeslagaren Terry Bozzio snakkar fram ein tekst.
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Nr. | Tittel | Musikk | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Guitar Shop» | Jeff Beck, Terry Bozzio, Tony Hymas | 5:03 |
2. | «Savoy» | Beck, Bozzio, Hymas | 3:52 |
3. | «Behind the Veil» | Hymas | 4:55 |
4. | «Big Block» | Beck, Bozzio, Hymas | 4:09 |
5. | «Where Were You» | Beck, Bozzio, Hymas | 3:17 |
6. | «Stand on It» | Beck, Hymas | 4:59 |
7. | «Day in the House» | Beck, Bozzio, Hymas | 5:04 |
8. | «Two Rivers» | Beck, Bozzio, Hymas | 5:25 |
9. | «Sling Shot» | Beck, Hymas | 3:07 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Jeff Beck – gitar, produsent
- Tony Hymas – klaverinstrument, synthesizer, produsent
- Terry Bozzio – trommer, perkusjon, talt vokal, produsent
- Teknisk
- Leif Mases – lydteknikar, mixing, produsent
- Dick Beetham – assisterande lydteknikar
- Neil Amor – assisterande lydteknikar
- James Allen Jones – assisterande lydteknikar
- Chris Drohan – assisterande lydteknikar
- Ian Gillespie – mastering
Salslister
[endre | endre wikiteksten]Album
[endre | endre wikiteksten]År | Liste | Plassering |
---|---|---|
1989 | Billboard 200 | 49[4] |
Singlar
[endre | endre wikiteksten]År | Tittel | Liste | Plassering |
---|---|---|---|
1989 | «Stand on It» | Billboard Mainstream Rock | 35[4] |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Jeff Beck's Guitar Shop» frå Wikipedia på engelsk, den 19. juli 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 Astarita, Glenn. «Jeff Beck's Guitar Shop - Jeff Beck». AllMusic. All Media Network. Henta 6. juli 2018.
- ↑ Rosen, Steven (1989). «Jeff Beck Interview (1989)". Modern Guitars Magazine. Archived from the original on 2011-01-05. Henta 6. juli 2018.
- ↑ «Jeff Beck With Terry Bozzio And Tony Hymas – Day In The House / Guitar Shop». Discogs. Henta 6. juli 2018.
- ↑ 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 «Jeff Beck's Guitar Shop - Jeff Beck | Awards». AllMusic. All Media Network. Henta 6. juli 2018.
- ↑ «32nd Grammy Awards - 1990». Rock on the Net. Henta 6. juli 2018.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- In Review: Jeff Beck «Guitar Shop» at Guitar Nine Records